Gyland kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jan Gustav Åtland | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Flekkefjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Lister og Mandal | ||
Sokn | Gyland | ||
Fellesråd | Flekkefjord | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1815 | ||
• Endringar | Rest. 1929 og 1965 | ||
Klokker | 2, Jacob Rendler (1744) | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Ca. 1665 | ||
Døypefont | Av tre, ca. 1665 | ||
Altartavle | Kross | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Diverse | Krusifiks frå Limoges | ||
Gyland kyrkje 58°24′41″N 6°47′30″E / 58.41142389°N 6.79161111°E | |||
Wikimedia Commons: Gyland kirke |
Gyland kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1815 på Nuland i Gyland, ei bygd i Flekkefjord kommune i Agder fylke. Kyrkja har 300 sitjeplassar.
Kyrkjestaden for Gyland var frå mellomalderen ved Gyland gard. Der stod i si tid ei langkyrkje som vart avløyst av dagens kyrkje i 1815. Denne kyrkja vart flytta til Sandvikodden ved Nuland i 1929.
Kyrkjegarden er framleis på den gamle kyrkjestaden, der det i 1970 vart oppført eit kapell.
Flyttinga tok to år, og vart ferdigstilt i 1929. Under prosessen vart det funne eit krusifiks, som vart sendt til Kunstindustrimuseet (no Nasjonalmuseet). Etter ynskje frå Gyland kyrkjelydsråd vart krusifikset tilbakeført til kyrkja i 2012.[1]
Klokketårnet har to klokker, som framleis vert ringt manuelt (ikkje mekanisert).
Kyrkjearkitektur | ||
---|---|---|
Kyrkjebygningen: | ||
Monumenttypar: | Kyrkje · kloster · kapell · katedral · dåpskapell · basilika · hallkyrkje · langkyrkje · krosskyrkje · sentralkyrkje · åttekantkyrkje · arbeidskyrkje · bedehus | |
Bygningsdetaljar: | ||
Dekorasjon: | Glasmåleri · rosevindauge · vasskastar · tympanon · skulptur · ikon · innviingskross · kross · krusifiks · freskomåleri · kalkmåleri | |
Inventar: | Altar · altartavle · altarskåp · altarfrontal · antependium · triptykon · døypefont · preikestol · tabernakel · korstol · misericordia · ikonostasis · ciborium · baldakin · epitaf · sakrarium · sedilia · pipeorgel | |
Periodar: | Tidleg kristen arkitektur · bysantinsk · romansk · gotikk · stavkyrkje · renessanse · barokk · rokokko · klassisisme · historisme · nygotikk · drakestil · sveitserstil · jugendstil · funksjonalisme · modernisme · postmodernisme |