Ulstein kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Ulsteinvik | ||
Areal | 97,20 km² | ||
- land | 94,88 km² | ||
- vatn | 2,32 km² | ||
Folketal | 8 861 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Stian Skorgen Scheide[1] (H) (2023) | ||
Kommunenr. | 1516 | ||
Ulstein kommune 62°21′23″N 5°51′14″E / 62.356388888889°N 5.8538888888889°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Ulstein | |||
Nettstad: www.ulstein.kommune.no | |||
Ulstein er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Av dei om lag 8 300 innbyggjarane bur 6 900 på Hareidlandet og 1 400 på Dimnøya. Andre bebudde øyar er Eika og Hatløya. Kommunen grensar til Hareid i aust og Herøy i vest. I søraust ligg Ørsta og Volda, som Ulstein er knytt til via Eiksundsambandet.
Kommunesenter er Ulsteinvik. Tettstaden hadde, ifølgje SSB, 5 376 innbyggjarar per 01.01.2015. Den nærliggande tettstaden Sundgot hadde 972 innbyggjarar.
Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.
Skipsindustrien ber økonomien i kommunen. Ulstein Group og Rolls-Royce er hjørnesteinsverksemder. Kleven Verft fekk bustyrar i juli 2020.[2][3][4]
Ulsteinvik er også eit handelssenter og skulesenter. Det er 4 skulekrinsar i Ulstein: Haddal, som femner om bygdene Eiksund, Haddal og Garnes. Hasund, som femner om Dimnøya og Hasund grunnkrins. Ulsteinvik, som dekkjer gardane Osnes, Vik, Saunes, Hofset og Holseker. Ulstein, som femner om bygdelaga Skeide, Ulstein og Flø.
Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.
Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.
Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:
1.1.1917[5] | 1.12.1920[6] | 1.12.1930[7] | 3.12.1946[7] | 1.1.1951[8] | 1.1.1961[8] | 1.1.1971[8] | 1.1.1981[8] | 1.1.1991[8] | 1.1.2001[8] | 1.1.2010[8] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2336a | 2335a | 2477a | 2835a | 2953a | 3436a | 4558 | 5335 | 5751 | 6615 | 7461 |
a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.