Haram kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Brattvåg | ||
Areal | 261 km² | ||
- land | 254 km² | ||
- vatn | 7 km² | ||
Folketal | 9 357 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Vebjørn Krogsæter (Sp) (2024) | ||
Kommunenr. | 1580 | ||
![]() Haram kommune 62°34′03″N 6°22′20″E / 62.5675°N 6.3722222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Haram | |||
Nettstad: www.haram.kommune.no | |||
Haram er ein norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensar mot Vestnes kommune i aust og mot Skodje i Ålesund kommune i søraust. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund, og mot vest ligg øykommunen Giske. Mot nord ligg Sandøy i Ålesund kommune og Midsund i Molde kommune. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag 2 300 innbyggjarar.
Frå 1. januar 2020 var kommunen del av Ålesund kommune.[1] Frå 1. januar 2024 vart Haram skild frå Ålesund att, og vart på nytt ein sjølvstendig kommune.[2]
Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur på fastlandet, der dei tre største tettstadene også ligg. Frå sør mot nord ligg også øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya og Fjørtoft.
Haram kommune har fire tettstader, innbyggjartal per 1.1.2009 i parentes:
Haram kommune vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. Den 1. januar 1890 vart den dåverande kommunen delt, og Roald kommune med 794 innbyggjarar vart oppretta. Haram kommune hadde 1956 innbyggjarar etter delinga.[3]
1. januar 1965 vart den noverande storkommunen oppretta, på følgjande vis:
Ved opprettinga hadde den nye storkommunen dermed 8 140 innbyggjarar.
Kommunen har mykje industri, der dei største bedriftene er VARD i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg og på Longva.