Sykkylven kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Sykkylven | ||
Areal | 337,80 km² | ||
- land | 328,84 km² | ||
- vatn | 8,96 km² | ||
Folketal | 7 617 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Olav Harald Ulstein (Frp) (2023) | ||
Kommunenr. | 1528 | ||
![]() Sykkylven 62°22′32″N 6°38′39″E / 62.375555555556°N 6.6441666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sykkylven | |||
Nettstad: www.sykkylven.kommune.no | |||
Sykkylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal med om lag 7600 innbyggjarar. Kommunesenteret er Aure. Kommunen grensar til Fjord og Stranda i aust og til Ørsta i sørvest. I nord ligg Storfjorden med Ålesund på andre sida. Om lag 3/4 av folket i kommunen bur langsmed den åtte kilometer lange Sykkylvsfjorden, ein sidefjord av Storfjorden. Kommunikasjonen på tvers av fjorden vart monaleg betre då Sykkylvsbrua vart opna i 2000 mellom krinsane Vik og Ikornnes.
Namnet «Sykkylven» er truleg eit gamalt fjordnamn. Sistelekken -ylven tyder truleg ‘lågt fuktig lende’, medan fyrstelekken anten kan kome av ‘sekk’ (jf. det faktum at det er tale om ein sekkefjord) eller av ‘stilleståande eller langsamt rennande vatn’, eventuelt ‘lita vik’ (jf. skrivemåten Síkiflir).
Sykkylven var del av Ørskoug prestegjeld og tinglag, og Ørskoug kommune frå 1837. Sykkylven vart skild ut frå Ørskog som eigen kommune i 1883. Bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen på sørsida av Storfjorden vart tilførte frå Ørskog i 1955.[1]
Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan 800 år f. Kr.
Norsk møbelfaglig senter ligg i Sykkylven, og er eit dokumentasjonssenter og museum for møbelindustrien.
Hovudnæringa i Sykkylven er industri, med hovudvekt på møbelindustri. Dei mest kjende møbelfabrikkane er Ekornes, Scandinor ANS, Hjellegjerde, Brunstad og Formfin. I tillegg er der industrigreiner som produserer transformatorar, emballasjeprodukt, stålkomponentar, baderomsinnreiing, bygningsprofilar og utstyr til skip og oljeinstallasjonar. Der er òg fleire underleverandørar, sørvisbedrifter og design- og arkitektkontor.
Sykkylven har tre tettstader:
Av bygder og bygdelag kan desse nemnast:
I Sykkylven prestegjeld har ein to sokn: Sykkylven og Ikornnes. Prestegjeldet høyrer til Austre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Sykkylven kyrkje vart vigsla i 1990, etter at gamlekyrkja brann ned i 1983. Ikornnes kyrkje vart vigsla i 1978.
Sykkylven lensmannsdistrikt i Sunnmøre politidistrikt høyrer til Sunnmøre tingrett.
Sykkylven har ein vidaregåande skule, Sykkylven vidaregåande skule, med yrkesfaglege og studieførebuande studieprogram.
Sykkylven er ei fin bygd for fjellturar. Der er mange høve til gåturar og til skiturar, til dømes på Fjellsætra der det er skianlegg for alpint (Sunnmørsalpane skiarena) og for langrenn. Dei høgaste tindane, som Råna på 1586 moh., eignar seg for fjellklatring.
I kulturlivet merkar Sykkylven seg ut med eit rikt musikkliv med sju korps, ti kor, storband og fleire band.
Sykkylvsbladet med redaksjonslokale på Aure var lokalavis for kommunen frå 1946[2] til og med 2020. Etter ei samanslåing med Sunnmøringen vart avisa erstatta av Nyss frå 2021.[3]
Folketalsutvikling for Sykkylven kommune frå 1883:
1.8.1883[4] | 1900[5] | 1.12.1920[6] | 1.12.1930[7] | 3.12.1946[7] | 1.1.1951[8] | 1.1.1961[8] | 1.1.1971[8] | 1.1.1981[8] | 1.1.1991[8] | 1.1.2001[8] | 1.1.2010[8] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2029a | 2420a | 2424a | 2426a | 3261a | 3816a | 4815 | 5643 | 6559 | 6887 | 7383 | 7589 |
aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Ørskog kommune fram til 1955, då det vart overført til Sykkylven kommune. Dette området hadde då 348 innbyggjarar.