Turid Birkeland

Fødd5. november 1962
Haugesund kommune
Død24. desember 2015 (53 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, programleiar, organisasjonsarbeidar
Utdanna vedBjerke videregående skole
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1985–1989)
  • Norsk kulturminister (1996–1997)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 1986–1989) Sjå dette på Wikidata

Turid Birkeland (fødd 5. november 1962 i Haugesund, død 24. desember 2015 i Oslo)[1] var ein norsk politikar frå Arbeiderpartiet.

Turid Birkeland var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Thorbjørn Jagland si regjering frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997.

I perioden 1986 til 1989 var Turid Birkeland fast møtande vararepresentant på Stortinget. Ho var leiar for AUF i åra 1989-1992. Ho var leiar for Ja-aksjonen for norsk EU-medlemskap i 1994.

Ei ung Turid Birkeland (t.h.) saman med William Engseth og Roger Ingebrigtsen i 1985
Foto: Troms Arbeiderparti

Turid Birkeland skreiv bøker, og arbeidde for LO sitt kontor i Brüssel. Ho arbeidde elles mellom anna som kultursjef i NRK og programleiar i kulturavdelinga i NRK. Ho leia programmet «Silikonfri sone» på TVNorge, og var også programleiar på TV+ i 1995, i tillegg til verv som leiar for programrådet i P4. Ho var også leiar for Kammermusikkfestivalen i Risør.

Frå 2008 var Turid Birkeland seniorrådgjevar i Telenor.

Bøker

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Turid Birkeland er død». NRK. 25. desember 2015. Henta 25. desember 2015.