Eskil Pedersen | |||
Eskil Pedersen etter terroråtaka 22. juli 2011. | |||
Fødd | 6. mars 1984 (40 år) Skien kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
Eskil Pedersen (fødd 6. mars 1984 i Skien) er ein norsk politikar (Ap).
Han har vore leiar i Arbeidernes ungdomsfylking (AUF) sidan 17. oktober 2010 og varamedlem av Oslo bystyre sidan 2007. Frå 2015 til 2019 var han fast medlem. Han var leiar i AUF i Telemark frå 2001 til 2004, leiar i AUF i Oslo i 2006 og nestleiar i AUF frå 2006 til 2010. Pedersen var medlem av Telemark fylkesting frå 2003 til 2007 og var då medlem av hovudutvalet for kompetanse. Han har også vore styremedlem i Telemark Nei til EU, nestleiar i Skien AUF og politisk rådgjevar i AUF med ansvar for valkamp og miljøpolitikk. Han var styreleiar i Antirasistisk senter frå 2016 til 2020.
Han er den fyrste opne homofile leiaren av AUF.
Pedersen har eit påbyrja bachelorstudium i statsvitskap og emne i europeiske og amerikanske studie ved Universitetet i Oslo.
Som leiar av AUF, var Eskild Pedersen eit av hovudmåla for Anders Behring Breivik under terroråtaka 22. juli 2011 på Utøya. Han kom seg i tryggleik ombord i ferja MS «Thorbjørn».
Etter at Pedersen drog seg attende frå rikspolitikken i 2014, har han arbeidd i kommunikasjonsbransjen.
Leiarar i Arbeiderpartiets ungdomsorganisasjonar | |
---|---|
Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund (NSU) / Norges Kommunistiske Ungdomsforbund (NKU) | Carl Øien (1903–1904) · Randolf Arnesen (1904–1905) · Ole O. Vold (1905–1906) · Theodor Jaaberg (1906–1907) · Georg Emil Stubberød (1907–1909) · Hans Nitteberg (1909–1911) · Edward Mørk (1911) · Sverre Krogh (1911–1912) · Johan Jacobsen (1912) · Ingvald Rastad (1912) · Edward Mørk (1912–1914) · Kyrre Grepp (1914–1915) · Edward Mørk (1915–1917) · Arvid G. Hansen (1917) · Peder Løwe (1917–1921) · Aksel Zachariassen (1921–1923) · Peder Furubotn (1923) · Henry W. Kristiansen (1923) |
Venstrekommunistisk Ungdomsfylking (VKU) | Håkon Meyer (1924) · Einar Gerhardsen (1924–1925) · Hjalmar Dyrendahl (1925–1927) |
Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) | Hjalmar Dyrendahl (1927–1931) · Kåre Hansen (1931–1934) · Gunnar Sand (1934–1945) · Trygve Bratteli (1945–1946) · Rolf Aakervik (1946–1949) · Frank Andersen (1949–1952) · Ivar Mathisen (1952–1955) · Reidar Hirsti (1955–1958) · Bjartmar Gjerde (1958–1961) · Reiulf Steen (1961–64) · Ola Teigen (1964–1969) · Hans Raastad (1969–1971) · Bjørn Tore Godal (1971–1973) · Rune Gerhardsen (1973–1975) · Sissel Rønbeck (1975–1977) · Thorbjørn Jagland (1977–1981) · Egil Knudsen (1981–1985) · Jens Stoltenberg (1985–1989) · Turid Birkeland (1989–1992) · Trond Giske (1992–1996) · Anniken Huitfeldt (1996–2000) · Eva Kristin Hansen (2000–2002) · Gry Larsen (2002–2006) · Martin Henriksen (2006–2010) · Eskil Pedersen (2010–2014) · Mani Hussaini (2014–2018) · Ina Libak (2018–2020) · Astrid Hoem (2020–) |