Ellen Horn | |||
| |||
Fødd | 1. februar 1951 (73 år) Montreal | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | skodespelar, politikar, dokkespelar | ||
Ektefelle | Jon Christensen | ||
Barn | Kjersti Horn, Emilie Stoesen Christensen | ||
Alle verv |
Ellen Horn (fødd 1. februar 1951), fødd Ellen Stoesen, er ein norsk skodespelar, teatersjef og tidlegare kulturminister for Arbeidarpartiet.
Ellen Horn voks opp på Tjøme. Ho dreiv dokketeater i tre år etter at ho fullførte vidaregåande skule[1]. Ho er utdanna som skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Ho har vore knytt til Fjernsynsteateret, til Nationaltheatret som skodespelar og teatersjef, og blei utnemnd til teatersjef for Riksteateret i februar 2005.
Ellen Horn var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Jens Stoltenberg si første regjering, 2000-2001.
Ho er gift med jazztrommeslagaren Jon Christensen, og har to barn: Kjersti Horn, frå det tidlegare ekteskapet med Per Horn, og Emilie Christensen frå det noverande ekteskapet.
Sigrid Undset i Undset (Trøndelag Teater 2005)[2]