State of Confusion Singel av The Kinks frå albumet State of Confusion | ||
B-side |
«Labour of Love» | |
---|---|---|
Utgjeve | Desember 1983 | |
Innspelt | Mars 1983 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | pop, hardrock | |
Lengd | 3:41 | |
Selskap | Arista | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
«Don't Forget to Dance» (1983) |
State of Confusion | «Good Day» (UK, 1984) --- «Do It Again» (US, 1984)
|
«State of Confusion» er ein song skriven av Ray Davies og først gjeven ut av The Kinks som tittelsporet på albumet State of Confusion i 1983. Sjølv om han ikkje vart gjeven ut på singel i USA nådde han 26. plassen på Billboard si Hot Mainstream Rock Tracks-liste.[1] Han vart gjeven ut på singel i Europa.
Teksten til «State of Confusion» omhandlar forskjellige ting som frustrerer songaren.[2] Blant desse finn ein tekniske ting som sviktar, som eit fjernsyn, ein klestørkar og ein videospelar som vert øydelagd.[2][3] I tillagg er det problemar i heimen som at kjellaren vert fyllt med vatn, tremark på loftet og taket som kollapsar.[2][4] I tillegg forlet kjærasten hans han når videospelaren vert øydelagd.[2][3] Songen endar med at songaren ikkje klarar å sove på grunn av pengeproblem.[2]
«State of Confusion» vart spelt inn i Konk Studios i London i mars 1983, seint i innspelingsprosessen for albumet.[5] Songen erstatta den originale tittelen som var tenkt for albumet, «Entertainment.»[5][6]
The Kinks filma ein video for MTV for songen. Videoen syner Davies som møter forskjellige frustrasjonar både heime og i platestudio.[2] Somme av frustrasjonskjeldene i videoen er ikkje dei same som i teksten.[2]