Mirror of Love Singel av The Kinks frå albumet Preservation Act 2 | ||
B-side |
«Cricket» (Storbritannia) | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. april 1974 (Storbritannia) | |
Innspelt | Januar - mars 1974 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | Rock, dixieland | |
Lengd | 3:26 | |
Selskap | RCA 5015 | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Britisk The Kinks-kronologi | ||
«Where Have All the Good Times Gone» (1973) |
Mirror of Love | «Mirror of Love» (Bandversjonen) (1974) |
Amerikansk The Kinks-kronologi | ||
«Money Talks» (1974) |
Mirror of Love | «Mirror of Love» (Bandversjonen) (1974)
|
«Mirror of Love» er ein song av The Kinks frå albumet Preservation Act 2 i 1974. Han var skriven av Ray Davies og gjeven ut som den første singelen frå albumet. Først kom singelen berre ut i Storbrtannia, men ein nyinnspelt versjon kom ut på singel i både Amerika og Storbritannia.
«Mirror of Love» vart spelt inn som ein New Orleans-jazz, der Ray Davies sjølv spelar dei fleste instrumenta (gitar, piano og trommer), medan broren Dave Davies spelar mandoling og andre musikarar er på blåsarar.[1] Davies syng om ein av karakterane frå soga på albumet. Her er det om Belle, som er kjærasten til Falsh (hovudrolla i soga).
Sjølv om den originale albumversjonen vart gjeven ut på singel i Storbritannia, vart han spelt inn på ny med resten av bandet for singelutgåva i USA. Singelen selde dårleg. Denne versjonen kom sidan ut som eit bonusspor på Velvel-utgåva av Preservation Act 2.