Come Dancing Singel av The Kinks frå albumet State of Confusion | ||
B-side |
«Noise» | |
---|---|---|
Utgjeve | 19. november 1982 | |
Innspelt | Oktober 1982 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 3:54 | |
Selskap | Arista | |
Tekstforfattar | Ray Davies | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Britisk The Kinks-kronologi | ||
«Predictable» (1981) |
Come Dancing | «Don't Forget to Dance» (1983) |
Amerikansk The Kinks-kronologi | ||
«Better Things» (1981) |
Come Dancing | «Don't Forget to Dance» (1983)
|
«Come Dancing» er ein song frå 1982 skriven av Ray Davies og framført av den engelske rockegruppa The Kinks i 1983 på albumet deira State of Confusion. Songen var inspirert av minne om den eldre systera til Davies, Rene, som døydde av hjarteinfarkt medan ho dansa, då Ray berre var 13 år gammal. Teksten, sungen frå perspektivet til ein gateseljar i East End, handlar om syster til guten som går på dans med forskjellige menn.[1]
Då han først kom ut på singel i Storbritannia i november 1982 selde han heller dårleg. Sjølv om Arista Records-sjefen Clive Davis var motvillig til å gje ut songen i USA på grunn av det engelske temaet med dansehallar, kom han likevel ut på singel i Amerika i april 1983. «Come Dancing» klatra heilt til sjetteplassen på Hot 100 og vart den bestseljande singelen deira i USA på over ti år og tangerte rekorden til «Tired of Waiting for You» for den høgaste plasseringa deira i USA. Musikkvideon til songen, regissert av Julien Temple, vart mykje spelt på MTV og var medverkande til at songen nådde å høgt. På grunna av den amerikanske suksessen, vart singelen gjeven ut på ny i Storbritannia. Han nådde då 12. plassen på den britiske singellista.
Songen har sidan blitt gjeve ut på mange samlealbum. Oppfølgjaren, «Don't Forget to Dance», vart òg ein hit i USA. Come Dancing, ein musikal skriven av Ray Davies, hadde premiere i 2008 og var kalla opp etter songen.
«Come Dancing» er ei hyllest til storesystera til Davies-brørne, Rene. Ho budde i Canada med ein ektemann som visstnok mishandla ho. Ho var 31 år gammal då ho vitja foreldra i Fortis Green då Ray Davies fylte 13 år - 21. juni 1957. Ho overraska Ray med ein spansk gitar som han hadde prøvd å overtale foreldra til å kjøpe til han.[2] Rene hadde svakt hjarte på grunn av giktfeber i barndommen og same kvelden døydde ho var eit hjarteinfarkt medan ho dansa i Lyceum.[2][3]
[Rene] døydde medan ho dansa i ein ballsal i London i armane på ein framand. ... Ho kom eigentleg attende frå Canada, der ho budde på den tida, for å døy, og igjen, ho vart ei inspirasjonskjelde. Ho gav meg den første gitaren min, som verkeleg var ei stor avskjedsgåve.
– Ray Davies[4]
|
Davies sa seinare at popsongen[5] var eit forsøk på å gå attende til den «varmare» stilen dei hadde hatt før dei vart eit arenarock-band og sa: «eg ønskte å få attende noko av varmen eg meinte me hadde tapt då me gjorde dei stadioturneane. 'Come Dancing' var eit forsøk på å gå attende til røtene, om minnet av systera mi som dansa i 50-åra.»[6] Songen er eit nostalgisk attendeblikk på barndomsminna til låtskrivaren:[7] Davies minnast storesystera som går på stemnemøte i lokale dansehallar der storband spelte.
I eit intervju i 1983 sa Davies at det gjekk kjapt å skrive songen, men at ideen hadde vore i hovudet hans i lang tid.[8] Han skal ha byrja å skrive songen i mars 1982 på ein flytur heim frå Tokyo på eit nytt Casio-klaverinstrument han hadde kjøpt.[9] Songen var skriven ferdig i London i oktober.[9] Forfattaren Nick Hasted hevda at songen vart skriven «for å nå ut til den tapte Kinks-fansen i Storbritannia».[10]
Ein demo for songen vart spelt inn i Konk Studios i oktober 1982.[9] Same månaden vart songen spelt inn for albumet.[9] Dave Davies hevda at songen vart fullført dagen etter ein intens krangel med broren Ray.[9]
Davies syng songen med ein kraftig britisk aksent, og hevda han «prøvde å halde på engelskheita».[11] Han vart beden om å syngje meir «amerikansk», noko han avslo. Han fortalte «Då The Kinks spelte inn 'Come Dancing,' som vart ein stor hit i Statane, bad faktisk plateselskapet meg om å syngje songen med ein meir amerikansk aksent. Eg berre nekta.»[12] Davies snakka om trommespelinga til Mick Avory og sa «Berre hald Mick Avory nervøs, så for du verkeleg bra framføringar frå han. Han er ansvarleg for nokre av dei mest komiske trommepartia. Trommevirvlinga hans til 'Come Dancing,' ... han er fullstendig ein takt for seint. Det var absolutt ikkje planlagt, og det er det som er så magisk.»[6][10]
Då neste singelen til The Kinks skulle ut, pressa Ray Davies på for at det skulle bli «Come Dancing» og ikkje «Don't Forget to Dance», som var blitt føreslått av plateselskapet som den første singelen frå State of Confusion.[9] Den britiske avdelinga til Arista Records godtok dette valet og gav songen ut på 7- og 12-tommar den 19. november 1982 med «Noise» som B-side.[9] Clive Davis var opphavleg motvillig. Davies hugsar at Davis «ikkje ønskte å gje ut songen fordi han for engelsk».[11]
Singelen kom omsider ut i USA den 21. april 1983 etter Davis var overtydd om suksessen til musikkvideoen til songen og det imponerande salet i USA av importerte kopiar av singelen.[13] Musikkvideoen til songen vart mykje spelt på MTV, noko som gav salet nok drivkraft til songen gjekk inn på Billboard Hot 100 i mai og klatra inn på topp 40 i juni 1983. Den 11. juli nådde songen sjetteplassen.[14] «Come Dancing» vart den høgaste plasseringa til bandet i USA, likt med «Tired of Waiting for You» frå 1965.[9]
«Come Dancing» kom ut på ny i juli 1983 i Storbritannia, etter den store populariteten i Amerika, og forseinka dermed den britiske oppfølgjaren «Don't Forget to Dance» i prosessen.[15] Songen nådde 12. plassen på UK Singles Chart den 27. august 1983.[9] The Kinks mima til songen på Top of the Pops den 24. september 1983. Dette var første gongen bandet var på showet sidan 1972.[16] Den 27. oktober 1983 fekk Davies prisen for ein av dei mest spelte songane i 1983 av ASCAP.[16] «Don't Forget to Dance» vart seinare gjeven ut som oppfølgjaren og nådde 29. plassen i USA.[7]
Trass i suksessen til singelen, vart det ein av dei siste hittane til Kinks i både Storbitannia og Amerika, og enda comebacket som bandet fekk seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra. Davies sa i 1996, «Eg ønskte å slutte i 1984, etter 'Come Dancing.' Eg følte det var slutte på ein æra for Kinks og eg ønskte å stoppe tredemølla og ta eit steg attende og revurdere alt i saman, men me hadde eit album til me måtte levere. Det verka som me alltid hadde eit nytt album å levere.»[17] Mick Avory slutta i bandet i 1984, eit år etter «Come Dancing» var ein hit i USA. Han sa seinare «Eg syns å slutte etter den store hitten med 'Come Dancing' var ei fin måte å slutte på.»[18]
Musikkvideoen til «Come Dancing» vart filma i november 1983 i Ilford Palais i Essex.[9][10] Videoen vart produsert av Michael Hamlyn og regissert av Julien Temple, med koreografi av Jim Cameron.[9] Dave Davies sa seinare om Temple, «Julian var ein poserande dust, og gjekk kring i ei pelskåpe som om han var Orson Welles, sjølv om han berre filma ein musikkvideo.»[19] Lokale fans av bandet var med som publikum.[9] Videoen vart først send i Storbritannia i desember 1982 på The Tube, eit show på Channel 4 vart òg sendt på MTV første gongen den 25. mars 1983.[9]
I videoen vert teksten nytta som historie.[9]
Personnel per Doug Hinman.[9]
The Kinks
Andre musikarar
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|