Moonage Daydream
Singel av Arnold Corns (David Bowie)
B-side

«Hang on to Yourself»

Språk engelsk
Utgjeve 7. mai 1971
Innspelt 25. februar 1971
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 3:52
Selskap B&C Records CB 149
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
Arnold Corns (David Bowie)-kronologi 
«Holy Holy»
(1971)
Moonage Daydream «Changes» (1972)
Arnold Corns-kronologi
Moonage Daydream «Hang Onto Yourself»
(1972)


Moonage Daydream
Song av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Utgjeve 16. juni 1972
Innspelt November 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 4:37
Selskap RCA Records
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Ken Scott

«Moonage Daydream» er ein song skriven av David Bowie i 1971 og først gjeven ut som singel med bandet Arnold Corns. Ein nyinnspelt versjon kom i 1972 ut på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.

Songen fortel om eit messiasliknande romvesen og hintar om at lagnaden hans er å redde verda frå katastrofen i «Five Years», samt lagnaden som den ultimate «soul lover». I forhold til handlinga på albumet er dette ein av dei viktigaste songane som skildrar skapinga av Ziggy frå ein kombinasjon av religion, romanse, seksuell fridom, opprør og lidenskap. Han vert omvandla til den arketypiske rockestjerna.

Moonage Daydream: The Life and Times of Ziggy Stardust er tittelen på ei bok skriven av David Bowie, publisert i 2002 av Genesis Publications og kalla opp etter denne songen. Boka dokumenterer åra 1972-73 og var illustrert med bilete av Mick Rock. Bowie og Rock møttest i 1972 og starta å samarbeide og vart vener. Mick Rock vart slik den einaste autoriserte fotografen som fekk dekke den toårige karrieren til Ziggy Stardust.

Komposisjon

[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med to power-akkordar (først D, så Fiss) og to tekstlinjer av Bowie, med stillheit mellom kvar akkord og sungen linje. Den første soloen er ein duett mellom ei lita fløyte og ein barytonsaksofon. For gitarsoloen teikna Bowie ein graf over korleis han ønskte at gitarsoloen til Ronson skulle høyrast ut. Han starta med ei flat linje, og voks til å danne «ei feit megafon-aktig form og enda med eit virvar av linjer». Bowie fortalte seinare at Ronson såg på grafen, gjekk ut ein stad (han skreiv ofte arrangementa sine på badet) og kom attende og spelte soloen nøyaktig slik Bowie hadde ønskt.[1]

Arnold Corns-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

I'm an alligator, I'm a mama-papa coming for you
I'm the space invader, I'll be your rock'n'rollin' bitch for you

David Bowie (1971)

Arnold Corns-versjonen av «Moonage Daydream» vart spelt inn 25. februar 1971[2]. Songen vart gjeven ut av B&C som singel i Storbritannia den 7. mai 1971 med «Hang on to Yourself» som B-side.

Den offisielle besetninga i bandet, som var fronta av kjoledesigneren Freddi Buretti. Dette var berre fabrikkert. Buretti var på innspelinga, men bidraget hans forsvann ved sidan av Bowie.

Denne versjonen vart òg gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av The Man Who Sold the World i 1990 med ein alterantive tekst («Come on strong girl, and lay your heavy trip on me, the church of mad love is such a holy place to be...»). Versjonen var òg utgjeven på Ziggy Stardust - 30th Anniversary Reissue i 2002.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Arnold Corns-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Ziggy Stardust-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar

[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

I populærkulturen

[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Chris O’Leary. «Moonage Daydream». Pushing Ahead of the Dame. Henta 23. januar 2016. 
  2. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.206-207
  3. Crowded House Online Videos, arkivert frå originalen 26. juli 2010, henta 30. april 2011 
  4. fourwalledworld.com
  5. http://www.covermesongs.com/2010/08/consequence-of-sound-presents-best-fest-covers.html
  6. http://hesmybrothershesmysister.bandcamp.com/album/hes-my-brother-shes-my-sister-ep
  7. http://noisetrade.com/jambisrevenge

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]