«Little Wonder» er ein song og singel av David Bowie frå 1997 på albumet Earthling. Det var den største hitten frå albumet og nådde 14. plassen på singellista i Storbritannia. Under Brit Awards i 1998 vart songen nominert for beste britiske video.
Bowie brukte namna på alle dei sju dvergane i teksten.[1] Den sampla, talte linja «If it's good to ya, it's gotta be good for ya» under instrumentalen kjem frå den talte introen til eit konsertopptak av Steely Dan-songen kalla «Bodhisattva» frå plateboksen Citizen Steely Dan. James E. Perone gav to ulike tolkingar av teksten, og skreiv at songen kan rett og slett representere somme karakteristikkar av personlegdomen til Bowie, eller eit romvesen som observerer ulike sider ved livet på jorda.[2] Tromme-breaket er sampla frå The Winstons-instrumentalen «Amen, Brother», ein populær trommesolo som ofte er blitt sampla og er omtalt som «Amen break».[3] Akkordprogresjonen er liknande den tidlegare Bowie-songen «Can't Help Thinking About Me.»
Tittel
Miks og ekstra produksjon
Lengd
Ekstra
Albumversjon
Mark Plati
6:02
Edit
Mark Plati
3:40
Sensurert videoversjon
Mark Plati
4:09
utgjeve på 2004 Earthling 2 CD.
Ambient Junior Mix
Junior Vasquez
9:55
Programmert av Frederick Jorio.
Club Dub Junior Mix
Junior Vasquez
8:10
Programmert av Frederick Jorio.
4/4 Junior Mix
Junior Vasquez
8:10
Programmert av Frederick Jorio.
Juniors Club Instrumental
Junior Vasquez
8:14
Programmert av Frederick Jorio.
Danny Saber Mix
Danny Saber
3:06
Cello av David Coleman, sonisk hår og sminke av John X.
Danny Saber Dance Mix
Danny Saber
5:30
Cello av David Coleman, sonisk hår og sminke av John X.
Bowie framførte «Little Wonder» som opningssongen på konserten i høve 50-årsdagen hans i New York City den 9. januar 1997. Dette opptaket kom ut på Earthling in the City CD.
«Danny Saber remix» kom ut på filmmusikken til den europeiske utgåva av The Saint og på det andre filmmusikkalbumet til Hackers. Denne remiksen finst òg på bonusplata på fire spor som følgde konsertalbumet LiveAndWell.com i 2000.
Ei videoutgåve kom ut på ein Jukebox 7"-utgåve av singelen «Dead Man Walking» i 1997.
Tre remiksar, «Censored Video Edit», «Junior Vasquez Club Mix» og «Danny Saber Dance Mix», kom ut på bonusplata til Digibook Expanded Edition av Earthling i 2004.
Singelversjonen kom ut på samlealbumet: somme utgåver av Best of Bowie (2002), den doble og tredoble utgåva av Nothing Has Changed (2014), og den doble utgåva av Bowie Legacy (2016).
Musikkvideoen til «Little Wonder» var regissert av Floria Sigismondi ein italiensk-kanadisk fotograf og regissør. Han er sett til ei dystopisk verd med mutantar, og syner raske klipp av Bowie som ein aldrande Ziggy Stardust og Halloween Jack som vandrar i gatene og undergrunnen i New York. Videoen inneheld videoskulpturar av kunstaren Tony Oursler. Bowie sa om arbeidet til Sigismondi: «Eg syntest ho har eit flott blikk, flotte teksturar og glimrande klipp.»[11] Videoen er i den permanente utstillinga til Museum of Modern Art i New York.[12]