«Knock on Wood» er ein hitsong frå 1966 skriven av Eddie Floyd og Steve Cropper og opphavleg framført av Eddie Floyd.[1] Eddie Floyd-versjonen nådde 28. plassen på Billboard Hot 100 i USA og låg ei veke på førsteplass på soul-lista.[2]
Songen er ofte blitt framført av andre artistar, først av Otis Redding og Carla Thomas i 1967. The American Breed spelte inn songen i 1967 på debutalbumet The American Breed. Artistar som har nådd singellistene med songen er David Bowie (1974), Amii Stewart (1979), Razzy Bailey (1984), Eric Clapton (1985) og Safri Duo med Clark Anderson (2004). Det tyske techno-bandet Scooter spelte ein delvis versjon av songen kalla «The Avenger's Back» på albumet Mind the Gap i 2004. Songen er òg nytta i filmen Satisfaction, framført av Justine Bateman and the Mystery.
David Bowie gav songen ut på singel, henta frå konsertalbumet David Live i 1974. B-sida på singelen var «Panic in Detroit».
Bowie byrja på Diamond Dogs-turneen sin i juni 1974 i Canada og i midten av juli heldt han fem konsertar i Tower Theatre i Philadelphia, som alle vart spelte inn for eit framtidig konsertalbum. For konsertane i Philadelphia byrja Bowie å spele Eddie Floyd sin «Knock on Wood».
Amii Stewart spelte inn ein discoversjon av songen som nådde førsteplassen i USA i april 1979. Dette vart den mest kjende versjonen av songen.[6] Songen nådde Topp 10 to gonger i Storbritannia, først i 1979 (6. plass) og så ein nymiksa versjon som nådde 7. plass i 1985.
I august 2007 spelte den australske soulsongaren Guy Sebastian ein hyllestversjon av «Knock on Wood» ved Ardent Studios i Memphis i Tennessee for album The Memphis Album. Steve Cropper spelte på og produserte denne songen i lag med mange av dei originale medlemmane frå Stax House Band, inkludert Donald «Duck» Dunn, Lester Snell og Steve Potts.