Finn Bergesen jr. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. september 1945 Bergen |
Død |
11. september 2012 (67 år) |
Yrke | jurist, forretningsdrivande |
Finn Bergesen jr. på Commons |
Finn Bergesen jr. (3. september 1945–11. september 2012)[1] var ein norsk jurist og næringslivsleiar. Frå 1999 til 2009 var han administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).
Finn Bergesen vart fødd i Bergen, og han var utdanna jurist frå 1973. Han var byråsjef i Fiskeridepartementet og hadde i perioden mellom 1973 og 1976 særleg ansvar for internasjonale spørsmål og havrettsforhandlingar. Seinare var Bergesen jr. norsk fiskeriattaché til Washington D.C. og i Ottawa før han vart generalsekretær i Norges Fiskarlag frå 1983 til 1989. Deretter vart han administrerande direktør i Norges Sildesalgslag frå 1989 til 1995 og så administrerande direktør i Kavli Holding. Frå 1999 til 2009 var han administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Sidan arbeidde han som frittståande konsulent.
Kunnskapsdepartementet oppnemnde i 2010 Finn Bergesen jr. som leiar av fellesstyret for samanslåinga av Norges veterinærhøgskole (NVH) og Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB).[2]