17. august: Indonesiske nasjonalistar erklærte sjølvstende frå Nederland. Achmad Sukarno vart president.
2. september: Japan sin offisielle kapitulasjon om bord på USS Missouri. General Douglas MacArthur og admiral Chester Nimitz representerte USA medan utanriksminister Mamoru Shigemitsu og Yoshihiro Umetsu representerte Japan.
8. september: Amerikanske styrkar okkuperte den sørlege delen av Korea, medan Sovjet okkuperte i nord. Koreakrigen hadde bakgrunn i desse okkupasjonane.