Hei, Jeg er klar over at fortidsminneforeninga eier Stordal gamle kirke, da jeg er leder for Fortidsminneforeningen avdeling Sunnmøre. Vi overtok kirka fra Fortidsminneforeningen sentralt allerede i 1982.

Vi har bestemt at vi ønsket å fjerne disse sidene, da de inneholder en del feil opplysninger. I tillegg har ikke lenkene fungert optimalt den siste tida. Vi har snakket med han som har laga sida, og han er inneforstått med slettinga. I tillegg har vi snakka med Høgskulen i Volda, og bedt de om å legge ned/slette lenkene fra sine servere.

I tillegg ønsker vi heller å lenke opp mot våre egne sider, som er vel så gode.

Håper dette var oppklarende.

Med vennlig hilsen Vibeke

Det er bra at Foreninga arbeider for god kvalitet på artiklar og nettsider som handler om eigedommane. Men eg trur faktisk det er i strid med Wikipedias retningslinjer å berre fjerne artiklar og interne lenker på Wikipedia. Det er bra å fjerne lenker til andre (eksterne) nettsider av dårleg kvalitet, men det er ikkje OK å fjerne interne lenker i Wikipedia. Wikipedia har ein omfattande struktur av kategoriar og lenker mellom artiklane - det er litt av poenget med Wikipedia så dersom ein byrjar å slette bryt ein ned den konstruksjonen som møysommeleg er bygd opp. Det er heller ingen eigedomsrett til materialet på Wikipedia, slik at ein utanforståande ikkje kan kreve å slette materiale. Dersom ein meiner ein artikkel ikkje er god nok bør ein heller hjelpe til med å forbetre artikkelen. Mvh --Erik den yngre (diskusjon) 4. desember 2012 kl. 11:20 (CET)[svar]

Kyrkjebygg

[endre wikiteksten]

Artige artiklar du skriv om kyrkjebygg. Eg er heilt samd med deg i at opplsyningar vi finn på nettet om talet på plassar i kyrkjene ikkje er å lite på, dei er alt for høge. Eg trur (og her er det snakk om tru) det skyldast at det på 1800-talet vart gjort vedtak om kor mange plassar ei soknekyrkje skulle ha. Då gjaldt det å ha høge tal i rubrikkane. Og eg veit at brannvesenet i dag kan setje andre makstal.
Bakgrunnen for åttekantkyrkjene er nok lafteteknikken. Ei lafta langkyrkje vil fort bli ustødig, om ho blir bygd over mange tømmerlengder. Åttekanten gjer det mogleg å byggje stort og likevel stabilt i tømmer. Aller størst blir ei åttekanta kyrkje med krossarmar, som Dolstad kyrkje. Høyrde eg sagt i eit foredag ein gong. Dersom vi finn noko strukturert om dette, bør det inn i artikkelen om åttekantkyrkjene. For den artikkelen er verd å plassere på framsida, etterkvart. :-) --Knut (diskusjon) 5. januar 2013 kl. 20:20 (CET)[svar]

Tusen takk for tilbakemelding. Ja det kunne vere interessant å vite meir om den bygningstekniske bakgrunnen for denne kyrkjetypen. Som deg trur eg også tømmer (laft) gjer det lettare å byggje ein stor sal som er stabil. Eg har sjølv restaurert fleire tømmerbygg og har registrert at lange, rette veggar lett blir ustabile, særleg når dei er gjennomskorne med høge vindauge. For Norddal kyrkje er det bevart ein del historie om oppføringa, mellom anna fullt namn på alle tømrarar (som hadde ansvar for kvart sitt hjørne) og historia om korleis det bygde eit tårn som var både elegant og sterkt - men ikkje nærmare info om andre bygningstekniske omsyn. Her ville det vere interessant å få gode byggfaglege kjelder. Dei største åttekantkyrkjene er likevel av stein (Røros og Sør-Fron), eg veit ikkje anna om desse enn at dei er mura av naturstein (og evt slaggstein frå koparverket). Oppføring i stein ga nok heilt andre utfordringar enn tømmer, eg veit ikkje korleis dei berande ytterveggande (uten armeringsjern) vart stødige nok til å bere så store tak - kanskje åttekantforma også for desse var stødigare enn ei rettvinkla langkyrkje? Svend Aspås kunne tydelegvis eit og anna om murkonstruksjonar. mvh --Erik den yngre (diskusjon) 5. januar 2013 kl. 20:39 (CET)[svar]

Kjelde

[endre wikiteksten]

Eg ser du brukar Sunnmørskyrkjene som kjelde. Ver på vakt. Ikkje ofte å sjå ei så fin bok med så mange feil.--Andreasv (diskusjon) 1. februar 2013 kl. 13:10 (CET)[svar]

Ja litt pussig det. Ekroll er jo fagmann på feltet, og sunnmøring vil eg tru. Men eg har og lagt merke til irriterande og elementære småfeil, til dømes at Sylte kyrkje blir omtala som Valldal kyrkje. --Erik den yngre (diskusjon) 1. februar 2013 kl. 14:09 (CET)[svar]

Infoboks jarnbanestasjon

[endre wikiteksten]

Såg ikkje denne før no. Kva var det du tenkte du ville ha inn? Kvar nye linje i malen ser ut som under, så visst du berre skal legge til nye parameterar kan du berre kopiere desse linjene og byte ut alle stader der det står «arkitekt» med det ville ha inn.

((#if: (({arkitekt|))}|
! style="text-align: left; vertical-align: top;" ((!)) Arkitekt <!-- Dette står til venstre -->
((!)) (({arkitekt|))} ))<!-- Dette står til høgre -->
|-

Om du skal legge dette til under Linjer og rutedrift, så må du i tillegg legge inn evt. nye parameterar som vist under

((#if: (({linje|))}(({operatørar|))}(({ruter|))}(({NY PARAMETER|))}|
! colspan="2" style="background-color: #efefef; text-align: center;" ((!)) Linjer og rutedrift ))

Om du ikkje får det til, eller vil gjere noko meir avansert, så berre spør om hjelp. --Frokor (diskusjon) 11. april 2013 kl. 02:24 (CEST)[svar]

Slidredomen

[endre wikiteksten]

Hei! Fin artikkel du skriver om Kyrkjebygg i Noreg! Jeg ser at Slidredomen er nevnt der og med rød lenke. Vi har artikkel om den som Vestre Slidre kyrkje. Bør den flyttes eller skal vi bare ha en omdirigering? Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 26. januar 2014 kl. 18:07 (CET)[svar]

Takk. La inn omdirigering fordi dette er eit mykje brukt namn på kyrkja, og blir det vel også treff på vanleg søk. mvh --Erik den yngre (diskusjon) 26. januar 2014 kl. 18:09 (CET)[svar]