For kyrkjarkitektur generelt sjå, sjå Kyrkje.
For den norske kyrkja som andeleg og administrativ institusjon, sjå Den norske kyrkja.
Nidarosdomen er ei av dei eldste og største kyrkjene i Noreg.

Kyrkjebygging i Noreg tok til då kristendommen vart etablert kring år 1000.[1][2] Dei første bygga var enkle stolpekyrkjer reist på 900 og 1000-talet. Dei meir varige stavkyrkjene kom etterkvart i staden for stolpekyrkjene. Omkring 1300 kyrkjebygg vart reist på 1100-1200-talet i det som var landets første byggeboom.[3] I alt har det vore oppført omkring 3000 kyrkjebygg i Noreg, av desse er omkring halvparten borte.[2] Langkyrkja er den vanlegaste norske kyrkjeforma, og fram til 1900-talet vart dei fleste bygg oppført i tre.[2] Det er no omkring 1620 kyrkjebygg knytte til Den norske kyrkja (bedehus knytte til lekmannsrørsla ikkje medrekna) og det er kyrkjebygg innanfor andre kristelege trusretningar eller organisasjonar. Kyrkjene er landets viktigaste monumentalbygg og kulturminne med omsyn til utvikling innanfor kunst, arkitektur og byggjeteknikk.[4] 220 kyrkjebygg er freda, og i tillegg er 765 listeført som verdfulle kulturminne.[5]

Bakgrunn

For meir om dette emnet, sjå Norsk historie.

Frå år 1620 vart det ført systematiske kyrkjerekneskap, medan kjelder til eldre kyrkjehistorie er fragmentert.[6] Kunnskap om mellomalderkyrkjer er delvis basert på arkeologisk materiale.

Moster gamle kyrkje, ei av dei eldste i landet (romansk 1100-talet), enkelt skip og kor.

Institusjonell

I tidleg kristen tid vart det skipa ei administrativ inndeling av landet. Hordaland vart til dømes delt i fjordung (firedel av eit fylke) og åttung med kvar si hovudkyrkje.[7] Sakshaug gamle kyrkje var til dømes hovudkyrkje for eit av fire distrikt i Inntrøndelag.

Kyrkjebygging vart sterkt påverka av statens eller kongemakta si rolle. Gulatingloven omtalar i kapittel 12 reglar for vedlikehald av kyrkjene: «Um einskildmenn byggjer kyrkje, anten lendmann gjer det eller bonde, eller kven det er som byggjer kyrkje, skal han halda henne i stand og inkje øyda tufti. Men um kyrkja brotnar og hyrnestavane fell, då skal han føra timber på tufti innan tolv månadar; um det ikkje kjem, skal han bøta tre merker for det til biskopen og koma med timber og byggja opp kyrkja likevel.»[8] Reformasjonen vart gjennomført med tvang i 1537 då Kristian 3 gjorde luterhanismen til statsreligion i riket. Kongen tok då kontroll over kyrkjegodset, og ein del kyrkjebygg vart rasert eller oppgitt. Bispar og prestar vart statstenestemenn under kongen. I 1662 fekk landet ein kongeleg kyrkjeinspektør, og dei nye formene som kom på denne tida (som Y-forma og åttekantforma) kan ha samanheng med dette.[9] Grunnlova av 1814 stadfesta lutheranismen som statens religion. Forbodet mot katolisisme i Noreg vart fjerna i 1843, medan forbodet mot munkeordnar vart fjerna i 1897.[10][11]

Etter 1814 vart saker som gjaldt kyrkjebygg flytta frå kanselliet i København til kyrkjedepartementet i Christiania, og godkjenningsprosessen vart meir byråkratisk. Lokale initiativ og lokal påverknad vart då i stor grad moderert av embetsverket.[12]

Kyrkjelova frå 1851 kravde at kvart kyrkjebygg skal romme minst 30 % av innbyggjarane i soknet. Dei 623 kyrkjene frå andre halvdel av 1800-talet er difor relativt store. Kyrkjelova frå 1996 kravde at kvart bygg innanfor Den norske kyrkje skal ha plass til minst 1/10 av kyrkjelyden, men aldri færre enn 200 sete og det er ikkje krav om meir enn 500 sete.[13]

Kvart kyrkjebygg har vore rekna som ei sjølvstendig institusjon (sjølveigd), ofte med eiga jord som har gitt leigeinntekter. Kyrkjelyden var sjølv ansvarleg for oppføring og vedlikehald av kyrkjebygget, eit prinsipp som vart innført så tidleg som på Mostratinget i 1024.[4] I tida 1700-1720 selde Kongen om lag 600 kyrkjer til private for å finansiere Den store nordiske krigen, desse bygga vart kjøpt tilbake i løpet av dei neste 150 åra. Kyrkjelova av 1897 stadfesta at kyrkjebygga høyrer til kyrkjelyden, unntaket er enkelte museumskyrkjer og bygg eigd av Fortidsminneforeningen. Kyrkjegarden (oftast brukt som gravplass) har same eigartilhøve som kyrkjebygget. Den enkelte kommune har som regel ansvar for teknisk drift og finansiering av kyrkjebygg og kyrkjegard innanfor Den norske kyrkja, medan tilsyn og administrasjon (etter kyrkjelova 1996) ligg hos kyrkjelydens eigne organ og ein tilsett dagleg leiar (kyrkjeverje).[5] Den norske stat eig i utgangspunktet ingen kyrkjebygg med unntak av mellom anna Akershus slottskyrkje og Svalbard kyrkje. Nidarosdomen kan også reknast som statleg eigedom fordi restaureringsarbeida sidan 1869 har vore finansiert direkte over statsbudsjettet.[4][14]

Den anglikanske St Edmunds kyrkje, Oslo, eit nygotisk bygg frå 1884

Val til Riksforsamlinga på Eidsvoll og det første Stortinget i 1814 fann hovudsakleg staf i kyrkjene (etter gudstenesta).[15] Omkring 180 av dei omkring 300 kyrkjebygga som tente som vallokale i 1814 står framleis.[16]

Vern og nedlegging

Alle gjenstandar frå før 1537 og alle bygg eldre enn 1650 er automatisk verna, men utan at eigartilhøve blir endra. Om lag 10 % av eksisterande kyrkjer er oppført i mellomalderen. 220 kyrkjebygg er freda, og i tillegg er 765 listeført som verdfulle kulturminne.[5] Til samanlikning er 87 % av svenske kyrkjer freda og 75 % av engelske kyrkjer er freda.[17] Av dei omkring 1000 stavkyrkjene som vart oppført i mellomalderen er nesten alle borte, mange vart rivne fordi dei var i dårleg stand eller for å gje plass til ei større kyrkje ettersom kyrkjelyden vaks på 1600-1700-talet. Berre 9 (av 58) mellomaldersteinkyrkjer i byane eksisterer, dei andre forsvann i brann eller riving. Til dømes gamle Ulstein kyrkje vart skada av lynnedslag og erstatta av tømmerkyrkje. Den tidlegare Melhus kyrkje vart riven i 1890 som ei av dei siste.[3]

Til forskjell frå mange andre europeisk land var det i Noreg praktisk tala ingen adel som brukte ressursar på palass eller herregardar. I staden investerte lokalsamfunnet i kyrkjebygging. Dei norske kyrkjene er difor landets praktbygg og sentrale kulturminner med omsyn til utvikling innanfor kunst, arkitektur og byggjeteknikk.[4][18] I Noreg er berre omkring 250 profane mellomalderbygg teke vare på.[19]

Nedgang i bruk og endra soknegrenser kan føre til at kyrkjer blir overflødige. I til dømes Nederland og Danmark gjer små kyrkjelydar at eit stort tal kyrkjer blir stengde. I Nederland har over 600 kyrkjer blitt lagt ned dei siste tre åra. I Noreg er eit fåtal kyrkjebygg tekne ut av vanleg bruk, det gjeld mellom anna Markus kyrkje (Oslo) og Jakob kyrkje i Oslo. Soknerådet gjekk i 2013 inn for avvikling og sal av Bø kyrkje i Hyllestad. Bredtvet kyrkje i Groruddalen er utleigd til den katolske kyrkja.[18] Metodistkyrkja Sigerfjord i Sortland vart seld til privat i 2012,[20] og metodistkyrkja i Arendal (oppført 1871) vart avvigsla i 2012.[17]

Brann er ein trussel særleg mot dei norske trekyrkjene. Brannen i Grue kyrkje kravde 113 liv og er den største kjente brannkatastrofen i Noreg. Enkelte kyrkjer har også blitt påtent, til dømes Åsane gamle kyrkje og Fantoft stavkyrkje (både to vart gjenreist som kopiar). Den 300 år gamle Meldal kyrkje brann i 1981 og vart gjenreist etter mønster av den tapte. Østre Porsgrunn kyrkje, ei dei største tømmerkyrkjene i landet, gjekk tapt i 2011. Også steinkyrkjer har fått store skadar ved brann, til dømes har Nidarosdomen og Nykirken i Bergen vore skada av brann fleire gongar.

Av dei 1676 kyrkjene som eksisterte i 1975 var 1324 bygg oppført før andre verdskrigen (i tråd med tradisjonelle arkitektoniske former) og vart av Muri kalla «gamle kyrkjer».[2]

Arkitektar

Dei eldre kyrkjene har ofte ukjende arkitektar eller dei vart utforma av byggmeisteren som «bygde etter eige hovud».[2][21] Kyrkjerekneskapane frå 1600-1700-talet viser at det ofte var særskilte kyrkjebyggjarar (byggmeistrar og medhjelparar spesialisert i kyrkjebygging), slik at det ferdige byggverket vart prega av byggelagets handtverkstradisjon og formspråk.[22] Anders Thorsen Syrtveit er døme på ein kjend kyrkjebyggjar frå Agder. Murmeisteren Svend Aspås verka som byggjeleiar og dels som arkitekt for fleire store kyrkjer. Presten Abraham Pihl blir rekna som arkitekt mellom anna for Vang kyrkje på Hedmarken. Den store kyrkja på Kongsberg vart teikna av bergmeisteren der.

På 1800-talet kom dei profesjonelle arkitektane. Ei rad kyrkjer vart oppført etter typeteikningar av arkitekten Jacob Wilhelm Nordan, til dømes Gjøvik kyrkje. Om lag 100 kyrkjer vart bygd etter Nordans teikningar, meir enn nokon annan arkitekt i Noreg.[23] Same teikningar kunne bli brukt til fleire kyrkjer, til dømes laga Georg Andreas Bull teikningar til Nes kyrkje i Hallingdal og Frosta kyrkje vart eit par år seinare oppført etter same teikningar. Arkitektane Linstow (delvis utdanna ved Bergseminaret) og Grosch utforma den unge hovudstaden Christiania og i tillegg eit stort tal kyrkjer på 1800-talet. På eige initiativ laga Linstow «Udkast til Kirkebygninger paa Landet i Norge. Til Veiledning for de Kirke-Eiere som uden Architects Hjelp ville opføre Kirker.» (truleg som følge av den fryktelege Brannen i Grue kyrkje) og i 1831 hadde han ei samling mønsterteikningar for kyrkjebygg klar.[24]

Demografi

Det er ingen manntal eller andre nøyaktige register over folkesetnaden i mellomalderen, men før svartedauden hadde Noreg eit folketal på mellom 300 000 og 400 000. Ved reformasjonen var folketalet under 200 000 og først i 1650 var folketalet på same nivå som før svartedauden.[25][26] Då kyrkjebygging tok til omkring 1050 var folketalet omkring 200 000.[27] Etter Svartedauden vart mange gardar og busetjingar lagt aude, i dei mest marginale jordbruksområda vart opp mot 80 % av gardane oppgitt. Stader som Skien, Veøy og Borgund (Ålesund) gjekk ut av bruk som kjøpstader. Kyrkja sine inntekter var etter svartedauden under ein firedel av inntektene før svartedauden.[28]

Dagens Hattfjelldal kyrkje under bygging (1868), førre kyrkje (1788) til venstre.

I 2012 var 76 % av innbyggjarane i Noreg medlemmar av Den norske kyrkja (mot 86 % i 2001),[29] medan 5,6 % er medlemmar av andre kyrkjesamfunn.[30] Den romersk-katolske kyrkja har omkring 100 000 medlemmar fordelt på 35 sokn med eigne kyrkjebygg.[31]

Plassering

Tidlege kyrkjer kan ha blitt oppført på same stad som før-kristne heilagdommar. Førhistoriske gravplassar (særleg gravhaugar) på eller nær kyrkjestader, til dømes på Avaldsnes, tyder på kontinuitet frå før-kristen tid. På Vestlandet var det også vanleg å reise kyrkjer på eller i tilknyting til den største garden i bygda. Enkelte av desse kan ha vore såkalla høyendekyrkjer[32] eller private kyrkjer for ein velståande bonde eller hovding.[7] I mellomalderen var steinkyrkjer mest vanleg i byane, ytst på kysten, i dei rike jordbruksområde på Austlandet og i Trøndelag, og i regionale senter i fjordområda; stavkyrkjer var vanleg i jordbruksområde eller i tynt folkesette område.[33] Dei to gruvebyane Røros og Kongsberg har begge store kyrkjer frå 1700-talet.

Etter gamal skikk skal kyrkjene peike mot aust, slik at koret er i austre ende medan inngangen er i vestre.[34]

Tidsline

Den 4 m høge steinkrossen på Kvitsøy.
Periode Hending og utvikling Kyrkjebygging[2]
900-talet Statsbygging på Vestlandet. Kristendommen introdusert, anglo-norske steinkrossar reist. Dei første kyrkjene kan ha blitt oppført.
1000-talet Mostratinget (1024) godtar kristendommen som landets lov. Tidleg kyrkjebygging (stolpekyrkjer).
1100-1200 Nidaros erkebispedøme (1152) oppretta. Byggjeboom, stavkyrkjeperioden. Romansk, seinare gotisk stil.
1349-1350 Svartedauden. Avfolking.
1400-1500 Nedgangstid. Kyrkjebygging stansar opp.
1537 Den protestantiske reformasjonen. Kyrkja blir lagt under Kongen. Katolsk kunst og ornament øydelagd. Enkelte kyrkjer rivne eller forlatne.
1600-1700 Folkevekst, einevelde. Ny kyrkjebygging, tømmerkonstruksjon tar over. Brot med katolsk tradisjon, framvekst av protestantisk stil.
1814- Lausriving frå Danmark, stats- og nasjonsbygging. Profesjonelle arkitektar kjem med.
1851-1940 Urbanisering. Kyrkjelova av 1851 Ny byggjeboom. Store kyrkjer, nygotikk og tradisjon. Mange eldre kyrkjer rivne.
Andre verdskrigen Invasjon og okkupasjon Enkelte kyrkjer øydelagd av brann eller bomber.
Etterkrigstid Gjenoppbygging. Fortsatt urbanisering. Nye byggjematerial. Brot med tradisjonen, funksjonalisme. Nye kyrkjer i forstadane.

Byggjeteknikk

Oppheim kyrkje i Voss - ei av dei mange langkyrkjene i tre bygd på 1800-talet.
Synleg tømmerkonstruksjon i Sankt Jørgen kyrkje (Leprahospitalet)
Foto: Nina Aldin Thune
.

Det mest særmerkte ved norsk kyrkjebygging er utstrakt bruk av tre som byggemateriale som i dei mellomalderske stavkyrkjene og i nyare kyrkjer bygd av tømmer. Internasjonalt er stavkyrkjene nær eineståande i sitt slag.

Dei første kyrkjene

Dei første bygga var truleg enkle stolpekyrkjer reist på 900 og 1000-talet. Dei meir varige stavkyrkjene kom etterkvart i staden for stolpekyrkjene. Restar av stolpekyrkjer finst mellom anna under Urnes stavkyrkje og Lom stavkyrkje.[35] Den vesentlege skilnaden på stolpekyrkjer og stavkyrkjer er at i stolpekyrkjene var jordgravne stolpar sentralt i den bærande konstruksjonen, medan stavkyrkjene har stolpar («stavar») som kviler på ei treramme (grunnstokk, svill) som ligg på en grunnmur av stein. Stolpegropene var frå 20 cm til 1 m djupe, og stolpene var omkring 30 cm i diameter (en 5 m høy stolpe veide da omkring 300 kg). Stavkonstruksjonen kom i staden for stolpekonstruksjonen gradvis frå omkring år 1000. Håkon Christie gjekk ut frå at stolpekonstruksjonen gjekk ut av bruk fordi stolpane rotna nedanfrå.[22] Jørgen H. Jensenius meiner at arkeologisk materiale ikkje gjev klar støtte til Christies råtehypotese, endring i storleik eller overgang til steinkyrkje kan også vere ei forklaring på at jordgravne stolpar gjekk ut av bruk. Røldal stavkyrkje kan ha hatt innslag av stolpar sett i jorda heilt til 1913. I Lom stavkyrkje er steinfundamentet og grunnstokkane lagt omtrent rett over dei attfylte stolpehola. Bortsett frå ulik fundamenteringsmetode meiner Jensenius at stolpekyrkjene i hovudtrekk var som ei stavkyrkje.[36]

Mellomalder: Stav og stein

Meir informasjon sjå Stavkyrkje
Meir informasjon sjå Norske mellomalderkyrkjer i stein

Omkring 1300 kyrkjebygg vart reist på 1100-1200-talet i det som var landets første byggeboom.[3] Det var kanskje så mykje som 1000 stavkyrkjer i mellomalderen, men berre 271-300 steinkyrkjer (160 av desse eksisterer fortsatt). Til samanlikning har Sverige 900 og Danmark 1800 steinkyrkjer frå mellomalderen.[3] Alle trekyrkjer vart før reformasjonen oppført i stavkonstruksjon, berre ei eller kanskje to små kyrkjer vart bygd av lafta tømmer.[37] Det store talet på stavkyrkjer var særleg i tynt folkesette område som fjelldalane og skogsbygdene, og i fiskevær på øyane og mindre fjordarmar.[33]

Steinkyrkjene vart oppført i byane, langs kysten og i rike jordbruksområde på Austlandet og i Trøndelag. Av dei opp mot 300 steinkyrkjene reist i mellomalderen var 58 byar og kaupangar (Bergen åleine hadde 19), men berre 9 av desse er eksisterer i dag.[3] Hovudkyrkjene og «fylkeskyrkjene» var ofte i stein, til dømes Kinsarvik kyrkje i Hardanger.[38] På Sunnmøre vart det til dømes bygd minst sju steinkyrkjer, tre av dei låg i det regionale senteret Borgundkaupangen og fire heilt ute ved kysten (Åheim, Giske, Ulstein, Herøy) - ingen i fjordbygdene.[3] I enkelte senter i fjorddistrikta vart det også bygd steinkyrkjer, til dømes er hovudkyrkja i Aurland (Vangen kyrkje) i stein, medan dei mindre kyrkjene i Undredal og Flåm er i tre.

By/kaupang Steinkyrkjer i mellomalderen[3]
Bergen 19
Trondheim 11
Oslo 9
Tønsberg 6
Stavanger 3
Hamar 3
Borgund 3
Borg 2-3
Skien 1
Veøy 1

Etter reformasjonen: Tømmer tar over

På 1400- og 1500-talet vart det praktisk tala ikkje reist nye kyrkjer i Noreg.[39] Dei fleste stavkyrkjene forsvann fram mot 1700 og vart ofte avløyst av kyrkjer i lafta tømmer.[33] På landet var alle nye kyrkjer i tida 1600-1800 lafta tømmer (med unnatak av Sør-Fron kyrkje), og tre som byggjemateriale dominerte endå meir enn i mellomalderen. Fet kyrkje frå 1580 var ei tidleg tømmerkyrkje oppført etter reformasjonen.[40] I dei 200 åra 1600-1800 vart det reist færre enn 20 kyrkjer av stein eller tegl.[9]

Tømmerkonstruksjonen gav ein lågare og tyngre bygningstype enn stavkyrkjene frå mellomalderen. Dyktige kyrkjebyggarar reiste gjerne frå bygd til bygd og sette opp kyrkjer etter eige hovud og ikkje etter europeiske stilretningar i samtida. Grunnplanet tidleg på 1600-talet var ofte enkelt med eit rektangulært skip og smalare kor (langkyrkje), men i siste halvdel av 1600-talet vart korsforma grunnplan vanleg og på 1700-talet vart krosskyrkja det dominerande (på Vestlandet dominerte fortsatt langkyrkja). Tverrarmane i krosskyrkja hjelper til å stive av laftekonstruksjonen slik at kyrkjerommet kan lagast større. Sæther meiner at med laftekonstruksjon vart også lengda på tømmeret avgjerande og det kom etterkvart mange planformer som høvde med tømmeret.[34] Austigard trur at mangel på stort tømmer også er ei forklaring på at krosskyrkjene vart vanlege på 1600-talet: Den store eksporten av treverk mellom anna til Holland gjorde at det stort sett var smått hustømmer igjen, men det var nok til 5-6 meter lange krossarmar.[41] Opp til ein viss storleik høvde krosskyrkja godt med lafteteknikken. I ein laftekonstruksjon blir høge veggar og veggar gjennomskorne av dører og store vindauge mindre stabile. Rein lafteteknikk avgrensar difor storleik, form og opningar i bygget.[42] I Samnanger kyrkje har sideskipa i basilikaforma fått avkutta hjørne (slik at grunnplanet vart åttekanta), dette er truleg gjort for å sleppe å skøyte stokkane i tømmerkonstruksjonen.[43] På slutten av 1800-talet vart langkyrkjene igjen dominerande og dei vart ofte bygd store i samsvar med kyrkjelova frå 1851. Desse høge tømmerveggane med store vindauge måtte då avstivast mellom anna med strekkfiskar.[41]

Tal kyrkjebygg etter materiale og periode.[2]
Materiale Mellomalderb 1537-1700 1701-1800 1801-1850 1851-1900c 1901-1940 1945-2004[9][44]
Tre om lag 1000 51 116 125 460 215 114
Steina 271 2 12 10 82 63 225

aMedrekna teglstein og betong.
bMedrekna tapte bygg.
cI tillegg om lag 60 bygg tapt i brann.[5]

Moderne teknikk

Ved gjenreisinga etter andre verdskrigen var arkitekturen i byrjinga tradisjonell, men med nye materialar som armert betong, døme på dette er Molde og Bodø kyrkjer frå 1950-talet. Lillestrøm kyrkje frå før krigen er også oppført i betong, men i gamal stil. På 1960-talet vart kyrkjearkitekturen og byggjeteknikken lausrive frå tradisjonen slik at det kom nye former som i Ishavskatedralen og Kirkelandet kyrkje i Kristiansund.[45] Ishavskatedralen er oppført i lettbetong og aluminium.

Utforming

Tabellen viser norske kyrkjebygg gjennom historie inndelt etter grunnplan. Inndelinga i tabellen er ikkje eksakt fordi det finst kombinasjonsformer og ein del mellomalderkyrkjer med langplan vart seinare utvida til krossplan.[2] Til dømes er Dolstad kyrkje ein kombinasjon av åttekant og krossplan. Enkelte åttekantkyrker har ei utstrekt form med koret i ein eigen bygningsdel utanfor åttekanten, slik som i langkyrkjene. Flesberg stavkyrkje er døme på kyrkje med opphavleg langplan.

Eksisterande kyrkjebygg etter utforming og periode[2]
Grunnplan Mellomalder 1537-1617 1618-1700 1701-1800 1801-1850 1851-1900 1900-1940 1945-1964[46] 1965-2004
Langkyrkje og basilikaform 176 5 31 46 58 469 255 ≈ 80% ≈ 15%
Krosskyrkje og Y-kyrkje 3 0 17 72 38 45 20 ≈ 5%
Åttekantkyrkje 0 0 0 10 38 26 0 7 0
Firkantform 9 0 0 0 1 2 3 ≈ 10% ≈ 40%

I mellomalderen vart dei fleste kyrkjene bygd av tre og alle i stavkyrkjeteknikk. Stavkyrkjene vart oppført både som einskipa langkyrkjer (type A) og med heva midtrom (type B). Type B har trekk av både treskipa basilika og sentralkyrkje, samtidig som dei har eit langstrakt midtrom. Likskapen med basilikaforma har gjeve opphav til teorien om at stavkyrkjene er romanske basilika overført til trekonstruksjon, men stavkyrkjenes opphav er fortsatt eit uavklart spørsmål. Anker meiner til dømes at den utanlandske steinarkitekturen hovudsakleg har påverka utforminga ornament og andre detaljar.[47]

Dei fleste steinkyrkjene vart i mellomalderen oppført som langkyrkjer med nokre få i klassisk basilikaform (til dømes Gamle Aker kyrkje). På 1400-1500-talet vart det praktisk tala ikkje sett opp nye kyrkjer.[39] Frå reformasjonen til 1617 var det bygd berre eit fåtal kyrkjer.[2] Då det igjen vart bygd nye kyrkjer på 1600-talet vart det nesten berre brukt treverk, men stavkyrkjeteknikken var forlaten til fordel for tømmerkonstruksjon.[6] Dei tidlegare katolske kyrkjene vart omgjort til protestantiske. Dei nye kyrkjebygga på 1600-talet braut forsiktig med den katolske tradisjonen, medan kyrkjebygginga på 1700-talet viste framvekst av ein eigen protestantisk stil. Preikestolen vart sentral i kyrkjerommet i samsvar med protestantismens vekt på det talte ordet (preika) som den sentrale delen av gudstenesta.[48] I denne perioden vart også preikestolalteret introdusert, truleg med Kongsberg kyrkje som den første. På 1700-talet vart det også eksperimentert med nye former, til dømes åttekanten som i Sør-Fron kyrkje og Y-forma som i Rennebu kyrkje.

Klokketårn

Kyrkjetårnet har lenge vore ein sentral del av bygget, men dei eldste kyrkjene i landet hadde truleg berre ein enkel klokkestøpul eller ikkje klokketårn i det heile. I løpet av mellomalderen vart stilen høgare og slankare avslutning av tårnet, samstundes skulle tårnet tåle tyngre klokker (fleire hundre kg). Då lafting tok over som teknikk på 1600-talet vart tårnet utført i bindingsverk.[9]

I den tradisjonelle norske kyrkja går ein gjennom tårnfoten (våpenhuset) for å kome inn i kyrkja.[34] Norske kyrkjebygg har varierande plassering av klokketårnet. Sentralt plassert tårn midt på taket (takryttar) er brukt både i krosskyrkjer og åttekantkyrkjer, også ein del langkyrkjer har sentralt tårn. Tårn over eller integrert med våpenhuset (ofte i vestre ende av bygget) er mykje brukt. Eit unnatak er Svolvær kyrkje der koret er i tårnfoten i byggets sørlege ende.[49] Enkelt kyrkjer har frittståande klokkestopul. Borgund stavkyrkje har både takryttar og klokke i frittståande stopul. Lillestrøm kyrkje har frittståande klokketårn. Tyngre klokker gir meir eller djupare klang, slik at to tunge klokker er betre enn tre lettare. Ei god kyrkjeklokke bør vere på minste 400 kg i følgje Sæther.[34]

Typisk langkyrkje frå 1800-talet, eksteriøret avspeglar grunnplanet, frå venstre mot høgre: sakristi, kor, skip, tårn over våpenhus.

Grunnplan

Oslo domkyrkje er ei barokk krosskyrkje frå 1697 (foto Lindahl 1880)

Stil

Portal i Stavanger domkyrkje med engelsk-romansk chevron.
Foto: Nina Aldin Thune
Nye Borgund kyrkje etterliknar stavkyrkja like ved.[7]
Grefsen kyrkje har preg av ei romansk mellomalderkyrkje.

Storleik

Nidarosdomen er den einaste store gotiske katedralen i Noreg, det er også den største mellomalderkyrkja i Skandinavia med lengd 102 m, breidde 50 m og 21 m under taket.[71] Kongsberg kyrkje med opphavleg 2400 sitjeplassar og 1000 m2 golvflate blir rekna som det største kyrkjebygget i Noreg. Kongsberg var med sine sølvgruver ein av dei største og viktigaste byane i Noreg på 1600-1700-talet. Røros kyrkje med 1600 sitjeplassar er også ei av dei største i Noreg og også den oppført i tilknyting til eit bergverk. Østby reknar desse to som dei mest monumentale kyrkjene frå 1700-talet.[63] Lyngdal kyrkje er med 1600 seter ei av dei største bygdekyrkjene i landet.

Sjølv om «domkyrkje» (katedral) viser til funksjon eller status som bispesete, blir enkelte kyrkjer omtala slik, til dømes Sør-Fron kyrkje, Vågan kyrkje og Slidredomen.

I følgje Lorentz Dietrichson var dei første stavkyrkjene relativt små, kanskje på grunn av byggjeteknikken. Dietrichson identifiserer «Møre-typen» som både den yngste og største av stavkyrkjene. Han rekna ut grunnflata for 79 kyrkjer og kom til at dei tapte stavkyrkjene i Hjørundfjord, Volda og Norddal var på over 3000 kvadratfot, meir enn tre gonger så store som Urnes stavkyrkje eller Hopperstad stavkyrkje.[72]

Sankt Svithun kyrkje i Stavanger er den største katolske kyrkja i Noreg med omkring 500 sitjeplassar.[73]

Vågan kyrkje er det største trebygget nord for Trondheim.

I 1975 var det totalt 531.000 sitjeplassar i norske kyrkjer, 18 % av desse sitjeplassane var i Bjørgvin bispedømme. Dei største kyrkjene er i Oslo bispedømme med knapt 500 plassar i kvar kyrkje, minst i Nord-Hålogaland med vel 200 plassar i kvar kyrkje. I høve til innbyggjartalet er (eller var) det størst trengsel i Oslo med over 17 innbyggjarar for kvar sitjeplass i soknekyrkjene. I Hamar, Bjørgvin, Nidaros, Agder og Hålogaland var det best plass med omkring 5 innbyggjarar for kvar sitjeplass.[2]

Nokre av dei største kyrkjebygga i Noreg (etter tal sitjeplassar - lista er ufullstendig):

Ei av dei minste er Undredal stavkyrkje med berre 40 plassar.


Galleri

Mellomalder

Etter reformasjonen

Etter andre verdskrigen

I denne perioden vart nye materialar og nye byggjeteknikkar (som armert betong) innført, og etterkvart kom moderne design til å dominere.

Sjå også

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-12-23 ved Wayback Machine., lese 19. september 2013.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 Muri, Sigurd (1975): Gamle kyrkjer i ny tid. Oslo: Samlaget.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Ekroll, Øystein (1997): (1997): Med kleber og kalk. Norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 NOU 2006: 2: Staten og Den norske kirke. Utredning fra Stat – kirke-utvalget oppnevnt ved kongelig resolusjon av 14. mars 2003. ([1]).
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 St.meld. nr. 17 (2007-2008): Staten og Den norske kirke. Tilråding fra Kultur- og kirkedepartementet av 11. april 2008. Stmeld 17
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
  7. 7,0 7,1 7,2 Helle, Knut (red.) (2006): Vestlandets historie. 3: Kultur. Bergen: Vigmostad & Bjørke.
  8. Gulatingslovi. Umsett frå gamalnorsk av Knut Robberstad. Oslo: Samlaget, 1952.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 Mørk, Max Ingar (2003). Før tårnene faller. Om forvaltning, drift, vedlikehold og utvikling (FDVU) av kirker, med spesiell vekt på kirkene i Møre bispedømme. Doktoravhandling NTNU, nr 7/2003.
  10. Sverdrup-Thygesen, Ulrik (2009): Grunnlovens forbud mot jesuitter og munkeordener. Religionsfrihet og grunnlovskonservatisme 1814-1956. Masteroppgåve, Universitetet i Oslo.
  11. Store norske leksikon: "Religionsfrihet", accessed 19 October 2013.
  12. Hosar, Kåre: Kirkebygging på 1700 - tallet – lokal tradisjon eller påvirkning utenfra? Notat/foredrag, Maihaugen, lese 10. februar 2014.
  13. Kirkeloven, 7. juni 1996, nr 31, § 21, Lovdata, lese 24. september 2013.
  14. Statsbudsjettet 2014, Kap. 1592.
  15. 1814 - våre første nasjonale valg Arkivert 2014-02-20 ved Wayback Machine. Arkivverket, lese 22.februar 2014.
  16. Feiring av kirkene som arena Arkivert 2014-02-25 ved Wayback Machine. Arkivverket, lese 22.2.2014
  17. 17,0 17,1 Dag og Tid, 28. mars 2014.
  18. 18,0 18,1 Dag og Tid 15. november 2013.
  19. NOU 2002: 1: Fortid former framtid. Utfordringer i en ny kulturminnepolitikk. Utredning fra kulturminneutvalget oppnevnt ved kongelig resolusjon 9. april 1999. Avgitt til Miljøverndepartementet 21. desember 2001.
  20. Glen og Rudi kjøpte kirke TV2 11. mars 2012, lese 30. mars 2014.
  21. Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. Årsskrift for Agder Historielag, årgang 61, s.55-63.
  22. 22,0 22,1 Christie, Håkon 1981. «Stavkirkene – arkitektur.» I Norges Kunsthistorie. Bind 1: 139- 252. Oslo: Gyldendal.
  23. Norsk biografisk leksikon: «Jacob Wilhelm Nordan», lese 19. september 2013.
  24. 24,0 24,1 http://nkl.snl.no/Hans_Ditlev_Franciscus_Linstow lese 26.01.2014
  25. «Norsk historie fra 1130 til 1537 – Store norske leksikon». Snl.no. Henta 19. oktober 2013. 
  26. «Norsk historie fra reformasjonen 1536 til 1814 – Store norske leksikon». Snl.no. Henta 19. oktober 2013. 
  27. Aftenposten "Straks er vi fem millioner", 12. february 2012, lese 24. september 2013.
  28. Bjørkvik, Harald: Folketap og sammenbrudd 1350-1520. Aschehougs Norgeshistorie. Oslo, 1996.
  29. «Church of Norway - Tables - SSB». Ssb.no. 19. juni 2013. Henta 19. oktober 2013. 
  30. Statistics Norway, Religious communities, accessed 21 September 2013.
  31. Statisics Norway "Religious communities and life stance communities, 1 January 2012", accessed 26 September 2013.
  32. Høyend, høiende eller høgjende = pute, stolpute. Tyder «Bekvemmelighed» i følgje Ivar Aasens Norsk ordbog med dansk forklaring (Kristiania: Cammermeyer 1918)
  33. 33,0 33,1 33,2 Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 34,4 34,5 34,6 34,7 Sæther, Arne E. (1990): Kirken som bygg og bilde. Rom og liturgi mot et tusenårsskifte. Arne E. Sæther i samarbeid med Kirkerådet og Kirkekonsulenten.
  35. Magnell, Steinar (2009): De første kirkene i Norge. Kirkebyggingen og kirkebyggere før 1100-tallet. Master thesis, University of Oslo.
  36. Jensenius, Jørgen H. (2010): Bygningstekniske og arkeologiske bemerkninger om trekirker i Norge i vikingtid og middelalder. Collegium Medievale.
  37. Dietrichson, Lorentz (1892):De norske stavkirker. Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Kristiania: Cammermeyer, s.35.
  38. Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-12-23 ved Wayback Machine. lese på nett 27. mars 2013.
  39. 39,0 39,1 Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  40. Norges kirker Fet kirke, lese 6. august 2013.
  41. 41,0 41,1 Austigard, Bjørn og Eva Synnøve Hanset (1994): Vistdal kyrkje 125 år: 1869-1994. Utgjeve av Vistdal sokneråd.
  42. Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.
  43. Norges kirker «Samnanger kirke», lese på nett 14.8.2013.
  44. 44,0 44,1 Sæther, Arne (2005): Kirkebygging i nyere tid. available at Kirkekonsulenten, lese 27 September 2013.
  45. Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-12-23 ved Wayback Machine. lese 21.02.13.
  46. Sæther, Arne (2005): Kirkebygging i nyere tid. Kirkonsulenten, lese 5. oktober 2013.
  47. Anker, Peter: Stavkirkene deres egenart og historie, Oslo 1997
  48. Skrondal, Silje (1999): Sør-Fron kirke. Et forsøk på å beskrive sammenhengen mellom protestantisk kirkearkitektur, teologi og liturgi. Hovedoppgåve - Universitetet i Oslo, 1999
  49. Arkitekturguide Nord-Norge Universitetet i Tromsø, lese 31. mars 2014.
  50. Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-12-23 ved Wayback Machine. accessed 29 September 2013.
  51. Harrison, James A.; Sharp, Robert, red. (January 2006). «Project Gutenberg's Beowulf». Project Gutenberg. Henta 19. september 2013.  (Note l. 325. Cf. l. 397.)
  52. Toman, Ralf (2000): Romansk kunst. Danish edition (original 1995). Könemann Verlag, Köln.
  53. Christie, Sigrid Marie & Håkon Christie: Lillestrøm Church in Norges kirker, accessed December 9, 2013.
  54. Store Norske Leksikon: Terningkapitél [2]
  55. «sentralkirke – Store norske leksikon». Snl.no. Henta 19. oktober 2013. 
  56. fylkesarkivet SF: Olden gamle kyrkje lese 29. september 2013
  57. Sørmoen, Oddbjørn (2001): 1700-tallet, skjønnhetens århundre. I serien Kirker i Norge, redigert av Jiri Havran. Oslo: ARFO, side 26.
  58. Muri, Sigurd; Norske kyrkjer, Oslo 1971 side 194.
  59. Christie, Sigrid, Ola Storsletten, Anne Marta Hoff: Hedalen stavkirke. Norges kirker udatert, lese 29. september 2013.
  60. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes.
  61. NRK (Norwegian Broadcasting Corporation) news "Vil ikke frede Røros kirke", publisert 1.januar 2013, lese 14. august 2013.
  62. http://snl.no/arbeidskirke lese 25.01.2014
  63. 63,0 63,1 63,2 63,3 63,4 Østby, Leif (1962): Norges kunsthistorie. Oslo: Gyldendal.
  64. Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine. accessed 29 September 2013.
  65. http://snl.no/barokk
  66. http://www.norgeskirker.no/wiki/Nykirken lese 26.01.2014
  67. «Borgund kyrkje - Norges Kirker». Norgeskirker.no. 20. august 1968. Henta 19. oktober 2013. 
  68. «Hol kirke - Norges Kirker». Norgeskirker.no. Henta 19. oktober 2013. 
  69. Hoff, Anne Marte: Raundalen kyrkje, Norges kirker, lese 4.9.2014
  70. http://www.kirkesok.no/kirker/Svolvaer-kirke
  71. «Nidarosdomen – Store norske leksikon». Snl.no. Henta 19. oktober 2013. 
  72. Dietrichson, Lorentz (1892): De norske stavkirker. Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Kristiania: Cammermeyer
  73. «Katolikkene innviet sin største kirke i Norge». vl.no. 16. mars 2000. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 19. oktober 2013. 
  74. http://www.kyrkjesøk.no/kirker/Nidaros-domkirke Arkivert 2014-09-11 ved Wayback Machine. lese på nett 4. jan 2013