«All I Really Want to Do» song av Bob Dylan frå albumet Another Side of Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1964 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 4:04 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Tom Wilson |
«All I Really Want to Do» Singel av The Byrds frå albumet Mr. Tambourine Man | ||
B-side |
«I'll Feel a Whole Lot Better» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. juni 1965 | |
Innspelt | 8. mars - 14. april 1965, Columbia Studios i Hollywood | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 2:02 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | Terry Melcher | |
The Byrds-kronologi | ||
«Mr. Tambourine Man» (1965) |
«All I Really Want to Do» | «Turn! Turn! Turn!» (1965)
|
«All I Really Want to Do» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet Another Side of Bob Dylan frå 1964. Det er utan tvil ein av dei mest populære songane Dylan skreiv i perioden like etter at han slutta med høvessongar.[1] Innan eit år etter Another Side of Bob Dylan kom ut hadde songen vorte ein av dei mest kjende Dylan-songane for pop- og rockpublikummet på grunn av hitversjonar av Cher og The Byrds.[1]
Musikalsk er songen enkel, men leikande og teksten er i praksis ei liste over ting, fysiske og psykologiske, som Dylan ikkje vil gjere eller vere for lyttaren.[1]. I refrenget syng han at alt han vil er å vere vener.
«All I Really Want to Do» var den andre singelen til det amerikanske folkrock bandet The Byrds og kom ut 14. juni 1965 på Columbia Records.[2] Songen var òg på debutalbumet deira, Mr. Tambourine Man.[2] Singelen nådde 40. plass på Billboard-lista i USA[3] og 4. plass i Storbritannia.[4]
Byrds-utgåva av songen har ein heilt annan struktur enn Dylan med ein elektrisk gitarintro av Roger McGuinn og ein heilt annan melodiprogresjon i refrenget.[1] I tillegg hadde bandet endra melodien på eine verset for å gjere det om til eit mellomspel.[1]
«All I Really Want to Do» var debutsingelen til Cher. Han kom ut i 1965 og nådde 15. plass på Billboard-lista[5] og 9. plass i Storbritannia.[4]
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum | (Untitled) • Live at the Fillmore - February 1969 • Live at Royal Albert Hall 1971 |
Samleplater | The Byrds' Greatest Hits • Preflyte • The Best of The Byrds: Greatest Hits, Volume II • History of The Byrds • The Byrds Play Dylan • The Original Singles: 1965–1967, Volume 1 • The Original Singles: 1967–1969, Volume 2 • Never Before • 20 Essential Tracks from the Byrds Box Set (1965-1990) • The Very Best of The Byrds • Super Hits • The Preflyte Sessions • The Essential Byrds |
Plateboksar | The Byrds • There Is a Season |
Sjå òg: Diskografi |