Oh Mercy Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. september 1989 | |
Innspelt | Februar–april 1989 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 38:46 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Daniel Lanois | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Dylan & the Dead (1989) |
Oh Mercy | Under the Red Sky (1990)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | (B)[2] |
Entertainment Weekly | A–[3] |
MusicHound | [4] |
Rolling Stone | [5] |
Oh Mercy er det 26. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records, 18. september 1989. Det var produsert av Daniel Lanois og vart hylla som ein triumf for Dylan etter ei rekkje svakare album. Oh Mercy gav Dylan den høgaste plasseringa han hadde på listene på fleire år og nådde 30. plassen i USA og sjetteplass i Storbritannia og Noreg.
Medan han kom seg etter ei handulukke i desember 1987 sat Dylan ved kjøkenbordet ein kveld og skreiv «Political World», den første nye songen hans på lang tid. Han hadde ikkje vore motivert til å skrive songar, men denne songen kom spontant og han skreiv fleire songar i løpet av dei neste dagane. Så snart han var frisk att i handa la han ut på turne og skreiv ikkje fleire songar. Sidan dei førre albuma hadde gått så pass dårleg, var Dylan motvillig til å gå i studio igjen. I 1989 vitja Bono frå U2 Dylan, og Dylan viste han songane han hadde skrive. Bono oppfordra Dylan til å dra i studio og foreslo Daniel Lanois som produsent. Dylan ønskte ikkje å nytte turnebandet sitt i studio, så Lanois henta inn fleire lokale musikarar i New Orleans, der albumet vart spelt inn.
Etter dei skuffande salstala for Knocked Out Loaded og Down in the Groove, vart Oh Mercy hylla som eit comeback. Kritikarane stemnde albumet fram på 15. plassen på Pazz & Jop-lista til The Village Voice i 1989 over dei beste albuma det året. Same året vart Oh Mercy rangert på 44. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste abuma i 1980-åra.[6]
I 2006 plasserte musikkmagasinet Q albumet på 33. plassen på lista si over dei 40 beste albuma i 1980-åra.[7] Same året vart «Political World» nytta i filmen Man of the Year.
Alle songar er skrivne av Bob Dylan.
Nr. | Tittel | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Political World» | 8. mars 1989 (overdubba 21. mars og 8. april 1989) | 3:43 |
2. | «Where Teardrops Fall» | 21. og 22. mars 1989 (overdubba 15-16. april 1989) | 2:30 |
3. | «Everything Is Broken» | 14. eller 15. mars 1989 (overdubba 1. og 3. april 1989) | 3:12 |
4. | «Ring Them Bells» | 7. mars 1989 (overdubba 6. april 1989) | 3:00 |
5. | «Man in the Long Black Coat» | 29. mars 1989 (overdubba 4. april 1989) | 4:30 |
Nr. | Tittel | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Most of the Time» | 12. mars 1989 (overdubba 19. april 1989) | 5:02 |
2. | «What Good Am I?» | 7. mars 1989 (overdubba 7. april 1989) | 4:45 |
3. | «Disease of Conceit» | 8. mars 1989 (overdubba april 1989) | 3:41 |
4. | «What Was It You Wanted» | 21. mars 1989 (overdubba 24. mars og 3., 4. og 10. april 1989) | 5:02 |
5. | «Shooting Star» | 14. eller 15. mars 1989 (overdubba 1. til 3. april 1989) | 3:12 |
Andre medverkande:
Produksjon:
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Sveits(IFPI Switzerland)[8] | Gull | 25 000x |
Storbritannia (BPI)[9] | Gull | 100 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |