A Whiter Shade of Pale Singel av Procol Harum frå albumet Procol Harum | ||
B-side |
«Lime Street Blues» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. mai 1967 | |
Innspelt | Olympic Studios | |
Sjanger | Psykedelisk rock Progressiv rock Barokk rock | |
Lengd | 4:03 | |
Selskap | Deram Records | |
Komponist | Gary Brooker, Matthew Fisher | |
Tekstforfattar | Keith Reid | |
Låtskrivar(ar) | Gary Brooker, Keith Reid, Matthew Fisher | |
Produsent | Denny Cordell | |
Procol Harum-kronologi | ||
A Whiter Shade of Pale | «Homburg» (1967)
|
«A Whiter Shade of Pale» er debutsingelen til det britiske bandet Procol Harum og kom ut 12. mai 1967. Songen er skriven av Gary Brooker, Keith Reid og Matthew Fisher. Singelen nådde toppen av singellista i Storbritannia[1] den 8. juni 1967 og vart liggande der i seks veker. Utan mykje reklame nådde songen femteplass i USA. Singelen er ein av mindre enn 30 singlar som har seld minst 10 millionar eksemplar på verdsbasis.
Med den stemningsskapande Bach-aktige melodien, den sjelfulle vokalen og den uvanlege teksten gjekk singelen til topps i fleire land i 1967. I åra sidan har han blitt rekna som ein klassikar og er ein av dei mest spelte songane dei siste 75 åra i Storbritannia.[2] Britiske Phonographic Performance Limited rekna i 2004 songen som den mest spelte nokon gong på britisk kringkasting dei siste 70 åra.[3] I 2004 sette Rolling Stone «A Whiter Shade of Pale» på 57. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Meir enn 1000 coverversjonar av andre artistar er kjend.[4] Songen har vore med på mange samleplater gjennom tiåra og er vorte nytta i mange filmar, som The Big Chill, Purple Haze, Breaking the Waves, The Boat That Rocked og Martin Scorsese-delen av New York Stories. Coverversjonar av songen er òg nytta i mange filmar, som av King Curtis i Withnail and I og av Annie Lennox i The Net.
Songen var opphavleg berre tilskriven Brooker og Reid, men i 2009 vann Matthew Fisher, organisten på songen, medlåtskrivarrettar i retten.
Songen vart framført og spelt inn i Olympic Studios i London i England med Gary Brooker på vokal og piano, Matthew Fisher på Hammond M-102-orgel, David Knights på bass og Ray Royer på gitar. Trommer vart spelt av studiotrommis Bill Eyden. Nokre dagar seinare vart songen spelt inn på ny med den nye trommeslagaren Bobby Harrison, men denne siste versjonen vart ikkje rekna som like bra og den opphavlege vart vald ut for singelutgjevinga.
Produsent for innspelinga var Denny Cordell og Keith Grant var lydteknikar.[5]
Songen vart òg gjeven ut på den originale amerikanske utgåva av albumet Procol Harum, men ikkje på den britiske utgåva.
Reid fekk tittelen og utgangspunktet for songen på ein fest. Han overhøyrte noko på festen sei til ei dame, «You've turned a whiter shade of pale», og setninga vart sittande i minnet hans.[6][7] Den originale teksten hadde fire vers, men berre to vart spelt inn på den originale innspelinga. Det tredje verset kan ein høyre på somme konsertopptak av Procol Harum, og ein sjeldan gong òg det fjerde.[8]
Songen har eit moderat tempo i C-dur, og er kjenneteikna av ei basslinje som går stegvis nedover i gjentakande mønster gjennom heile songen. I klassisk musikk vert dette kjend som grunnbass. Den harmoniske strukturen er identisk for orgelmelodien, verset og refrenget, bortsett frå at refrenget endar med ein kadens. Orgelmelodien dukkar opp i byrjinga av songen og etter kvart vers/refreng, men ein kan òg høyre melodien gjennom heile songen med variasjonar av temaet og kontrapunkt til vokallinja. Både vokalen og orgelakkompagnementet når eit crescendo i byrjinga av refrenget «And so it was, and later ...»"; der organisten raskt dreg handa ned og opp over alle tangentane. Den siste instrumentale biten vert tona ut til stillheit - noko som var vanleg i popmusikk på denne tida.
Hammondorgellinja i «A Whiter Shade of Pale» var inspirert av Johann Sebastian Bach sin «Wachet auf, ruft uns die Stimme, BWV 140» og «Air på ein G-streng» - som begge nyttar eit liknande bassmotiv. Songen er derimot ikkje, som mange trur, ein direkte kopi eller omskriving av musikken til Bach,[9] sjølv om det er tydelege referansar til begge stykka. Likskapen mellom songen og Bach vert omtalt i skodespelet The Real Thing av Tom Stoppard og i filmen The Commitments frå 1991. Musikken låner òg idear frå «When a Man Loves a Woman» av Percy Sledge.[10]
Singelen kom ut 12. mai 1967 på Deram Records og gjekk inn på den britiske lista 25. mai. Etter to veker nådde han toppen av lista og vart liggande der i seks veker, og låg totalt 15 veker på lista. Ei nyutgjeving på Fly Records nådde igjen den britiske lista for 12 nye veker, med ein 13. plass som høgaste plassering. I USA nådde singelen 5. plass og selde over ein million kopiar. I Nederland gjekk songen inn på toppen i juni 1967 og igjen i juli 1972.
Listeplasseringar: # 1 (UK), # 1 (Nederland), # 1 (Tyskland), # 1 (Irland), # 1 (Australia), # 1 (Verdslista), # 3 (Noreg VG-lista), #5 (USA Hot 100).
Gjennom åra har «A Whiter Shade of Pale» fått mykje god kritikk:
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
A Whiter Shade of Pale Singel av Annie Lennox frå albumet Medusa | ||
B-side |
«Heaven» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | mai 1995 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 5:15 | |
Selskap | Arista | |
Komponist | Gary Brooker, Matthew Fisher | |
Tekstforfattar | Keith Reid | |
Låtskrivar(ar) | Gary Brooker, Matthew Fisher, Keith Reid | |
Produsent | Stephen Lipson | |
Annie Lennox-kronologi | ||
«No More "I Love You's"» (1995) |
A Whiter Shade of Pale | «Waiting in Vain» (1995)
|
«A Whiter Shade of Pale» vart spelt av Annie Lennox i 1995 på albumet hennar Medusa. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i mai 1995 og vart ein topp 40-hit i Europa og Canada.
Liste (1995) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[21] | 56 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[22] | 48 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[23] | 16 |
Canada Top Singles (RPM)[24] | 37 |
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[25] | 2 |
Europa (European Hot 100 Singles)[26] | 45 |
Frankrike (SNEP)[27] | 17 |
Tyskland (Media Control AG)[28] | 77 |
Irland (IRMA)[29] | 25 |
Nederland (Mega Single Top 100)[30] | 39 |
Skottland (Official Charts Company)[31] | 11 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[32] | 26 |
UK Singles (Official Charts Company)[33] | 16 |
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[34] | 1 |
US Hot Dance Singles Sales (Billboard)[35] | 2 |
US Hot Singles Sales (Billboard)[36] | 66 |
272: «The Boys Are Back in Town» Thin Lizzy |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 271 «A Whiter Shade of Pale» Procol Harum |
270: «Closer» Nine Inch Nails |
58: «Billie Jean» Michael Jackson |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 57 «Whiter Shade of Pale» Procol Harum |
56: «Anarchy in the U.K.» The Sex Pistols |
Gary Brooker · Geoff Dunn · Matt Pegg · Josh Phillips · Geoff Whitehorn · Keith Reid Dave Ball · Graham Broad · Dave Bronze · Mark Brzezicki · Alan Cartwright · Chris Copping · Matthew Fisher · Mick Grabham · Bobby Harrison · David Knights · Dee Murray · Tim Renwick · Ray Royer · Don Snow · Peter Solley · Henry Spinetti · Jerry Stevenson · Robin Trower · Ian Wallace · B.J. Wilson | |
Studioalbum | |
Konsertalbum | Procol Harum Live In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra · One More Time – Live in Utrecht 1992 · One Eye to the Future – Live in Italy 2007 · Procol Harum – In Concert With the Danish National Concert Orchestra and Choir |