Shine On Brightly Studioalbum av Procol Harum | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1968 | |
Innspelt | 1967–68 | |
Studio | Advision Studios, De Lane Lea Studios og Olympic Studios i London | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock, psykedelisk rock | |
Lengd | 39:09 | |
Selskap | Regal Zonophone, A&M | |
Produsent | Denny Cordell | |
Procol Harum-kronologi | ||
---|---|---|
Procol Harum (1967) |
Shine On Brightly | A Salty Dog (1969)
|
Shine On Brightly er det andre studioalbumet av det britiske bandet Procol Harum, utgjeve i 1968 på selskapa Regal Zonophone og A&M. Albumet var viktig i utviklinga av progressiv rock ved at dei braut alle pop- og rockestandardar med den 17 minuttar lange episke «In Held Twas in I», som markerte starten på dei lange progressive rockesuitane som vart stadig meir vanlege i 1970-åra. Tittelen er ei forkorting der dei har teke første ord frå kvar sats og sett det i saman:
In | «Glimpses of Nirvana», part 1 |
Held | «Glimpses of Nirvana», part 2 |
′Twas | «′Twas Teatime at the Circus» |
In | «In the Autumn of My Madness» |
I | «Look to Your Soul» |
Dei originale britiske og nordamerikanske versjonane av dei to første songane («Quite Rightly So» og «Shine on Brightly») er forskjellige versjonar.
Albumet er kome ut på ny fleire gonger, inkludert i ei ommastra utgåve i 2009 med dei originale 2-spors stereomasterlydbanda og bonnusspor i form av B-sider og alternative opptak. Mange av songane er derimot spelte på ein høgare snøggleik.[1] Seinare nyutgjevingar har retta opp snøggleiken.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Classic Rock | 8/10[3] |
MusicHound | 3/5[4] |
Rolling Stone | (negativ)[5] |
Då det kom ut skreiv Jim Miller for Rolling Stone at han var misnøgd med albumet: «Procol Harum si første utgjeving var generelt meir tilfredsstillande, særleg sidan dette nye albumet syner lite framgang - gruppa har visstnok valt å raffinere tilnærmingsmåten deira og det musikalske resultatet, som vanlegvis er lyttbart, men ikkje alltid interssant.»[5]
Alle songar er skrivne av Brooker/Reid, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Quite Rightly So» | Brooker, Fisher, Reid | 3:40 |
2. | «Shine on Brightly» | 3:32 | |
3. | «Skip Softly (My Moonbeams)» | 3:47 | |
4. | «Wishing Well» | 3:18 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Rambling On» | 4:31 | |
6. | «Magdalene (My Regal Zonophone)» | 2:50 | |
7. | «In Held 'Twas in I» (a) «Glimpses of Nirvana», b) «'Twas Teatime at the Circus», c) «In the Autumn of My Madness», d) «Look to Your Soul», e) «Grand Finale») | Brooker, Fisher, Reid | 17:31 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Quite Rightly So» (singelversjon i mono) | Brooker, Fisher, Reid | 3:42 |
2. | «In the Wee Small Hours of Sixpence» (singelmiks i mono) | 3:02 | |
3. | «Monsieur Armand» (mono) | 2:39 | |
4. | «Seem to Have the Blues (Most All the Time)» (mono) | 2:48 | |
5. | «McGreggor» | 2:47 | |
6. | «The Gospel According To...» | 3:28 | |
7. | «Shine On Brightly» (tidleg versjon) | 3:23 | |
8. | «Magdalene (My Regal Zonophone)» | 2:25 | |
9. | «A Robe of Silk» (akkompagnement) | Brooker | 1:59 |
10. | «Monsieur Armand» (akkompagnement) | Brooker | 2:42 |
11. | «In the Wee Small Hours of Sixpence» (akkompagnement) | Brooker | 3:00 |
Gary Brooker · Geoff Dunn · Matt Pegg · Josh Phillips · Geoff Whitehorn · Keith Reid Dave Ball · Graham Broad · Dave Bronze · Mark Brzezicki · Alan Cartwright · Chris Copping · Matthew Fisher · Mick Grabham · Bobby Harrison · David Knights · Dee Murray · Tim Renwick · Ray Royer · Don Snow · Peter Solley · Henry Spinetti · Jerry Stevenson · Robin Trower · Ian Wallace · B.J. Wilson | |
Studioalbum | |
Konsertalbum | Procol Harum Live In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra · One More Time – Live in Utrecht 1992 · One Eye to the Future – Live in Italy 2007 · Procol Harum – In Concert With the Danish National Concert Orchestra and Choir |