Dave Bronze | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 2. april 1952 (72 år) Billericay |
Yrke | musikar |
Språk | engelsk |
David Eric «Dave» Bronze (fødd 2. april 1952 i Billericay i Essex i England) er ein engelsk bassist. Han har arbeidd med musikarar som Robin Trower, Dr. Feelgood, The Hamsters, Eric Clapton, Nik Kershaw, Belinda Carlisle, Barbara Dickson, Art of Noise, Bryn Haworth og Ray Davies.
I 1991 vart Bronze medlem av det gjenforeinte Procol Harum og kan høyrast på The Prodigal Stranger og The Long Goodbye I 1993 forlet han bandet og vart erstatta av Matt Pegg.
Bronze spelte bass på Eric Clapton-albumet From the Cradle i 1994 og den påfølgjande turneen. Han spelte med Eric Clapton fram til 1996.
Frå 1999 til 2004 spelte han med Eric Bibb.
I 2008 turnerte Bronze med Andy Fairweather-Low, som han tidlegare hadde spelt med Clapton i lag med. I 2011 spelte han på albumet til Bryn Haworth One Way Ticket.
Gary Brooker · Geoff Dunn · Matt Pegg · Josh Phillips · Geoff Whitehorn · Keith Reid Dave Ball · Graham Broad · Dave Bronze · Mark Brzezicki · Alan Cartwright · Chris Copping · Matthew Fisher · Mick Grabham · Bobby Harrison · David Knights · Dee Murray · Tim Renwick · Ray Royer · Don Snow · Peter Solley · Henry Spinetti · Jerry Stevenson · Robin Trower · Ian Wallace · B.J. Wilson | |
Studioalbum | |
Konsertalbum | Procol Harum Live In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra · One More Time – Live in Utrecht 1992 · One Eye to the Future – Live in Italy 2007 · Procol Harum – In Concert With the Danish National Concert Orchestra and Choir |