Set the Controls for the Heart of the Sun Song av Pink Floyd frå albumet A Saucerful of Secrets | ||
Utgjeve | 29. juni 1968 (Storbritannia) 27. juli 1968 (USA) | |
Innspelt | 7–8. august og oktober 1967, januar 1968 | |
Sjanger |
| |
Lengd | 5:27 (A Saucerful of Secrets-versjonen) 9:27 (Ummagumma-versjonen) | |
Selskap | EMI Columbia (Storbritannia) Tower (USA) | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
---|---|---|
Produsent | Norman Smith |
«Set the Controls for the Heart of the Sun» er ein song av det engelske rockebandet Pink Floyd. Han kom ut på det andre albumet deira, A Saucerful of Secrets (1968).[3] Songen var skriven av Roger Waters[3] med trommer av Nick Mason spelt med paukeklubber. Sporet var planlagt for ein singel i lag med «Scream Thy Last Scream», den 8. september, men plateselskapet deira, EMI, la ned veto.[4] Songen vart mykje framført på konsertane deira mellom 1967 og 1973[3] og kan høyrast på konsertdelen av albumet Ummagumma frå 1969[3] og kan sjåast i filmen Pink Floyd: Live at Pompeii frå 1972.[3] Songen er ein av to songar frå A Saucerful of Secrets som er med på samleplata Echoes: The Best of Pink Floyd frå 2001[5] og er den einaste Pink Floyd-songen der alle dei fem medlemmane speler, med gitar både frå David Gilmour og Syd Barrett.
One inch of love is one inch of shadow
Love is the shadow that ripens the wine
I følgje eit intervju med Gilmour i dokumentarfilmen Which One's Pink? frå 2006, inneheld studioversonen av songen mindre gitararbeid frå både Gilmour og Barrett, slik at «Set the Controls for the Heart of the Sun» er den einaste Pink Floyd-song med alle dei fem medlemmane på. Det er derimot ikkje enkelt å høyre gitarspora sidan dei blandar seg med klaverinstrumenta og orgelet til Richard Wright.
Innspelinga av songen tok til i august 1967 med fleire lydspor lagt til i oktober same året og i januar 1968. I ein artikkel som vart trykt opp att i Bruno McDonald-boka Pink Floyd – Through the Eyes of ... står det at Waters lånte teksten frå ei bok med kinesiske dikt frå Tang-dynastiet (som seinare vart identifisert som boka Poems of the late T'ang, omsett av A.C. Graham).[6]
Blant dei lånte linjene (med omsetjinga til Graham) finn ein dei skrivne av Li He, som i diktet «Don't Go Out of the Door» inneheld linja «Witness the man who raved at the wall as he wrote his questions to Heaven»;[7] Li Shangyin som skreiv linjene «watch little by little the night turns around», «countless the twigs which tremble in dawn» og «one inch of love is one inch of ashes»; og Du Mu, som skreiv «Lotuses lean on each other in yearning».
I ei negativ melding for A Saucerful of Secrets skreiv Jim Miller i Rolling Stone at «Set the Controls for the Heart of the Sun», og «Let There Be More Light», var «keisame både melodisk, vokalt og tekstmessig.»[8] Miller skildra vidare at produksjonsarbeidet ikkje «er så glitrande som på det første albumet og at instrumentalane er dårlege og rutineprega».[8] Miller meinte òg at songen var for lang.[8]
Pink Floyd framførte songen på konsetane sine frå 1967 til 1973. Eit opptak finst frå 9. september 1967 der Barrett og Waters byta gitar.[9] Den siste gongen Pink Floyd framførte songen var 13. oktober 1973 i Stadthalle i Wien, under Dark Side of the Moon-turneen. Konsertopptak av songen finst på Ummagumma frå 1969 og musikkfilmen Live at Pompeii frå 1972. Under desse opptaka er songen mykje lengre enn studioutgåva med mykje meir dynamikk, inkludert eit parti i midten med støymusikk.[10][11]
Songen har vore fast på soloturneane til Waters. Frå og med turneane i 1984-1985 vart «Set the Controls for the Heart of the Sun» framført i eit nytt arrangement med kvinnelege koristar, saksofonsoloar og ein gitarsolo (og til og med ein shakuhachi-solo i 1985). Ein forkorta versjon (berre tre av versa) med ein enkel akustisk gitar vart framført ved eit par høve under Radio K.A.O.S-turneen i 1987. Songen var med på setlista for In the Flesh-turneen 1999–2002, der stillbilete frå videoane til «Arnold Layne» og «The Scarecrow» vart vist på store skjermar. Denne versjonen hadde ein psykedelisk gitarsolo av Snowy White, og ein saksofonsolo. Eit konsertopptak frå denne turneen finst på In the Flesh – Live frå 2000, både DVD-filmen og konsertalbumet. I juni 2002 spelte Nick Mason trommer på songen på to konsertar på Wembley Arena i London. Dette var første indikasjonen på forsoning etter at det hadde vore fiendskap mellom Waters og resten av bandet sidan midten av 1980-åra. Songen vart òg framført på Waters-turneen i 2006–2008.[12]
I 2016 framførte Waters igjen songen på konsertane sine i Zocalo Square og Foro Sol i Mexico, og på Desert Trip-festivalen i USA, men vart droppa frå setlista for Us + Them-turneen i 2017.
Songen vart framført av Nick Mason's Saucerful of Secrets i 2018 og 2019.[13] Under ein konsert 18. april 2019 i New York City song Roger Waters solovokal på songen og slo på gong.[14]
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum | |
Samleplater | The Best of the Pink Floyd / Masters of Rock · Relics · A Nice Pair · A Collection of Great Dance Songs · Works · 1967: The First Three Singles · Echoes: The Best of Pink Floyd · The Best of Pink Floyd: A Foot in the Door |
Plateboksar | |
Konsertfilmar | London '66–'67 · Live at Pompeii · Delicate Sound of Thunder · Pulse |
Forteljande filmar | The Wall · The Final Cut |
Dokumentarar | The Pink Floyd and Syd Barrett Story · The Making of The Dark Side of the Moon · London '66–'67 · The Story of Wish You Were Here |
Filmmusikkalbum | Tonite Lets All Make Love in London · The Committee · Zabriskie Point · More · Obscured by Clouds · La Carrera Panamericana |
Singlar | |
Turnear | Pink Floyd World Tour 1968 · The Man and The Journey Tour · Atom Heart Mother World Tour · Meddle Tour · Dark Side of the Moon Tour · Pink Floyd 1974 tours · Wish You Were Here Tour · In the Flesh (1977 Pink Floyd 'Animals' tour) · The Wall Tour · A Momentary Lapse of Reason Tour · The Division Bell Tour |
Plateprodusentar | Clive Brooks · Joe Boyd · Bob Ezrin · James Guthrie · John Leckie · Alan Parsons · John Elder Robison · Norman Smith · Chris Thomas · Peter Watts |
Platestudio | Abbey Road · Astoria · Britannia Row · Hookend |
Turnémusikarar | Andy Bown · Jon Carin · Scott Page · Dick Parry · Guy Pratt · Tim Renwick · Andy Roberts · Gary Wallis · Snowy White · Peter Wood |
Korvokalistar | Sam Brown · Lesley Duncan · Venetta Fields · Claudia Fontaine · Rachel Fury · Jim Haas · Carol Kenyon · Durga McBroom · Clare Torry · Doris Troy |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songliste · Ron Geesin · Bob Klose · Ian Emes · Max Barrett · Carolyne Christie · Willie Christie · Polly Samson · Azimuth Co-ordinator · EMS Synthi A · Dark Side of the Rainbow · Games for May · The Man and The Journey · Midsummer High Weekend · The 14 Hour Technicolor Dream · Music from The Body · Publius Enigma · 19367 Pink Floyd · Pinkfloydia · Proper Education · Roy Harper · Pink Anderson & Floyd Council · Gerald Scarfe · Hipgnosis · * Peter Christopherson · * George Hardie · * Aubrey Powell · * Storm Thorgerson · The Amazing Pudding · Why Pink Floyd...? · Bob Geldof · Alan Parker · Picnic – A Breath of Fresh Air |