Arnold Layne Singel av The Pink Floyd | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. mars 1967 | |
Innspelt | 29. januar 1967 – 27. februar 1967 | |
Studio | Sound Techniques og EMI Studios i London | |
Sjanger |
| |
Lengd | 2:57 | |
Selskap | EMI Columbia | |
Komponist | Syd Barrett | |
Tekstforfattar | Syd Barrett | |
Låtskrivar(ar) | Syd Barrett | |
Produsent | Joe Boyd | |
The Pink Floyd-kronologi | ||
Arnold Layne | «See Emily Play» (1967)
|
«Arnold Layne» var debutsingelen til det britiske psykedeliske rockebandet Pink Floyd, kort tid etter at dei skreiv platekontrakt med EMI. Songen vart skriven av Syd Barrett, som på den tida var frontmann i bandet. Sjølv om songen ikkje vart med på debutalbumet The Piper at the Gates of Dawn, finst han på mange samleplater av bandet.
«Arnold Layne had a strange hobby
Collecting clothes
Moonshine washing line
They suit him fine»
Karakteren i songtittelen er ein transvestitt som brukte å stele kvinnene sine klede og undertøy frå klessnorene deira. I følgje Roger Waters var «Arnold Layne» basert på ein verkeleg person. Waters: «Både mor mi og mor til Syd hadde studentar som leigebuarar, fordi det var eit jentecollege oppi vegen, så det var alltid mange BH-ar og truser på klessnora vår og 'Arnold' eller kven han no var, stal stundom det som hang til tørk»
Sjølv om songen nådde Topp 20, fekk det uvanlege temaet Radio London, som meinte songen var langt frå «normal» for lyttarane, til å bannlyse songen.[3]
Plateprodusent Norman Smith ønskte at bandet skulle spele inn songen på ny, etter at Joe Boyd hadde produsert den første innspelinga før dei signerte med EMI. Waters og Richard Wright var villige til å gjere dette, men Barrett var nøgd med den eksisterande utgåva og ønskte ikkje å spele inn ein ny versjon. Det vart gjort forsøk på å spele inn songen hos EMI (som på denne tida berre ønskte å nytte sine eigne produsentar), men kanskje sidan Barrett var motvillig, så vart aldri nyinnspelingane like bra som den Boyd-produserte versjonen.
Boyd har sagt i fleire intervju at «Arnold Layne» ofte brukte å vare 10-15 minuttar på konsertane deira (med lange instrumentale passasjar), men at bandet visste dei måtte kutte den ned om han skulle nyttast som singel. Boyd har òg sagt at det var ei vanskeleg innspeling med vanskeleg redigering, mellom anna fordi orgelsoloen til Richard Wright var eit redigert stykke og vart limt inn i songen for den endelege miksen.
Songen vart miksa i mono for singelen. Han har aldri kome ut i ein stereomiks, sjølv om mastertapen på fire spor framleis finst i arkivet til EMI.
Ein svartkvit promofilm av «Arnold Layne» vart laga same år, der Pink Floyd kler på ein mannekeng før dei leikar seg på ei strand i East Wittering i West Sussex. I nyare tid har det dukka opp ein annan promofilm, der bandet tullar seg på Hampstead Heath og føre St Michael's Church i Highgate, nær heimen til bandet på denne tida. Det er det einaste kjende klippet der Barrett mimar til songen. Denne vart filma våren 1967, då den mentale helsa til Barrett hadde starta å bli verre.
Arnold Layne Singel av David Gilmour frå albumet Remember That Night | ||
B-side |
Dark Globe | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. desember 2006 | |
Innspelt | 29. mai 2006 i Royal Albert Hall, London (spor 1); 30. mai 2006 i Royal Albert Hall (spor 2); 27. juli 2006 i Burg Clam, Austerrike (spor 3). | |
Sjanger | psykedelisk rock, psykedelisk pop | |
Lengd | 3:30 (med David Bowie) 3:23 (med Richard Wright) | |
Selskap | EMI | |
Komponist | Syd Barrett | |
Tekstforfattar | Syd Barrett | |
Låtskrivar(ar) | Syd Barrett | |
Produsent | David Gilmour | |
David Gilmour-kronologi | ||
Smile (2006) |
Arnold Layne |
|
David Gilmour spelte uventa songen under soloturneen sin for On an Island i 2006. Denne versjonen av songen vart sungen av Richard Wright.
Den 26. desember 2006 vart to konsertopptak av songen, frå David Gilmour sine konsertar i Royal Albert Hall gjevne ut som singel. Denne nådde 19. plass i Storbritannia. Den eine hadde David Bowie på gjestevokal. Begge versjonane finst på Gilmour-DVDen Remember That Night
Den 10. mai 2007 spelte Pink Floyd med David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright (utan Roger Waters, som hadde vore på scenen tidlegare på kvelden) i lag for siste gong, i det som vart den siste konserten til Richard Wright på The Barbican, London for The Madcaps Last Laugh ein hyllestkonsert for Syd Barrett organisert av Joe Boyd. Mot slutten av showet vart dei introdusert som ei overrasking og spelte Arnold Layne med Richard Wright på solovokal. Så langt er dette den aller siste Pink Floyd-framføringa.
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum | |
Samleplater | The Best of the Pink Floyd / Masters of Rock · Relics · A Nice Pair · A Collection of Great Dance Songs · Works · 1967: The First Three Singles · Echoes: The Best of Pink Floyd · The Best of Pink Floyd: A Foot in the Door |
Plateboksar | |
Konsertfilmar | London '66–'67 · Live at Pompeii · Delicate Sound of Thunder · Pulse |
Forteljande filmar | The Wall · The Final Cut |
Dokumentarar | The Pink Floyd and Syd Barrett Story · The Making of The Dark Side of the Moon · London '66–'67 · The Story of Wish You Were Here |
Filmmusikkalbum | Tonite Lets All Make Love in London · The Committee · Zabriskie Point · More · Obscured by Clouds · La Carrera Panamericana |
Singlar | |
Turnear | Pink Floyd World Tour 1968 · The Man and The Journey Tour · Atom Heart Mother World Tour · Meddle Tour · Dark Side of the Moon Tour · Pink Floyd 1974 tours · Wish You Were Here Tour · In the Flesh (1977 Pink Floyd 'Animals' tour) · The Wall Tour · A Momentary Lapse of Reason Tour · The Division Bell Tour |
Plateprodusentar | Clive Brooks · Joe Boyd · Bob Ezrin · James Guthrie · John Leckie · Alan Parsons · John Elder Robison · Norman Smith · Chris Thomas · Peter Watts |
Platestudio | Abbey Road · Astoria · Britannia Row · Hookend |
Turnémusikarar | Andy Bown · Jon Carin · Scott Page · Dick Parry · Guy Pratt · Tim Renwick · Andy Roberts · Gary Wallis · Snowy White · Peter Wood |
Korvokalistar | Sam Brown · Lesley Duncan · Venetta Fields · Claudia Fontaine · Rachel Fury · Jim Haas · Carol Kenyon · Durga McBroom · Clare Torry · Doris Troy |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songliste · Ron Geesin · Bob Klose · Ian Emes · Max Barrett · Carolyne Christie · Willie Christie · Polly Samson · Azimuth Co-ordinator · EMS Synthi A · Dark Side of the Rainbow · Games for May · The Man and The Journey · Midsummer High Weekend · The 14 Hour Technicolor Dream · Music from The Body · Publius Enigma · 19367 Pink Floyd · Pinkfloydia · Proper Education · Roy Harper · Pink Anderson & Floyd Council · Gerald Scarfe · Hipgnosis · * Peter Christopherson · * George Hardie · * Aubrey Powell · * Storm Thorgerson · The Amazing Pudding · Why Pink Floyd...? · Bob Geldof · Alan Parker · Picnic – A Breath of Fresh Air |