Keep Talking
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Division Bell
B-side

«Take It Back»

Språk engelsk
Utgjeve 12. mars 1994
Innspelt 1993
Studio Astoria(London, Storbritannia)
Sjanger Progressiv rock
Lengd 4:55 (singel)
6:10 (album)
Selskap Columbia
Komponist David Gilmour, Richard Wright, Polly Samson
Tekstforfattar David Gilmour, Richard Wright, Polly Samson
Låtskrivar(ar)
Produsent
Pink Floyd-kronologi 
«One Slip»
(1988)
Keep Talking «Lost for Words»
(1994)


«Keep Talking» er ein song av Pink Floyd på albumet deira The Division Bell frå 1994.

Innspeling

Songen er skriven av David Gilmour, Richard Wright og Polly Samson, og vart sungen av Gilmour. Den elektroniske røysta til Stephen Hawking er nytta på songen, henta frå ein reklamefilm for BT.[1] Gilmour ønskte å bruke talen etter å ha sett reklamen, som han skildra som «den mektigaste TV-reklamen eg har sett nokon gong».[2] Gilmour spelar gitar med talkbox-effekt på songen.

Utgjeving

Songen var den første singelen som kom ut frå albumet i USA i mars 1994. Det var den tredje songen deira som gjekk til topps på Album Rock Tracks-lista til Billboard, og låg på toppen av lista i seks veker.

Songen er med på samleplata Echoes: The Best of Pink Floyd frå 2001.[3]

Konsertopptak

Songen vart framført på alle konsertane under The Division Bell-turneen i 1994 og konsertopptak, frå forskjellige stader, vart gjevne ut både på albumet Pulse og videoen med same namn.

Songen vart sampla av Wiz Khalifa på tittelsporet på mixtapen hans Burn After Rolling frå 2009.

Medverkande

Pink Floyd
Andre medverkande

Salslister

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Canada[4] 8
UK Singles (Official Charts Company)[5] 26
US Billboard Album Rock Tracks[6] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[7] 64

Kjelder

  1. (liner notes from Echoes)
  2. Michaels, Sean (8. oktober 2014). «Stephen Hawking sampled on Pink Floyd’s The Endless River». The Guardian. Henta 17. februar 2015. 
  3. «Echoes: the album credits». Pink Floyd. Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 13. juni 2019. 
  4. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.2484&type=1&interval=24&PHPSESSID=v2a76h62to0aart05gg0u3agj2
  5. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  6. «Artist Chart History (Singles) – Pink Floyd». Allmusic. Henta 17. juli 2019. 
  7. «RPM 100 Hit Tracks of 1994». RPM. Henta 23. november 2017.