Gjerdesmettfamilien
Kaktussmett Campylorhynchus brunneicapillus
Kaktussmett
Campylorhynchus brunneicapillus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Eupasseres
Underorden: Passeri
Familie: Gjerdesmettfamilien Troglodytidae
Swainson, 1832

Gjerdesmettfamilien er ein familie av sporvefuglar, ordenen passeriformes, Troglodytidae. Dette er ein familie med utbreiing i «den nye verda», eit unntak er gjerdesmett som lever i Eurasia inklusive Noreg. Dei rundt 80 artar av gjerdesmettar er spreidd på om lag 20 slekter.

Det vitskaplege namnet på familien kjem frå Troglodyte som tyder «dei som bur i hòl», og ymtar om tendensen som somme artar har til å søkje mat i mørke fjellsprekker. I hovudsak er dette artar av små og lite augefallande fuglar, men dei kan ha høge og ofte detaljrike songar. Dei har korte venger og eit kort nebb som peikar ned. Stjerten er kort og ofte oppreist for mange artar. Alle er insektetarar sjølv om enkelte kan supplere med vegetabilsk føde. Dei største artane særleg i slekta Campylorhynchus tar også virveldyr som for eksempel små øgler.

Gjerdesmettar varierer i storleik frå kvitbuksmett, med gjennomsnitt lengd under 10 centimeter og vekt 9 gram, til chiapassmett, med gjennomsnitt om lag 22 cm lengd og vekt 50 g. Fargene som dominerer er grå, brun, svart og kvit, og dei fleste artar kan vise andre farger, spesielt på stjert eller venger.

Dei ulike artane førekjem i eit breitt spekter av habitat, frå terreng med tørr, tynnvaksen skog til regnskog. Dei aller fleste artane lever nær bakken, men enkelte medlemmer av artar i Campylorhynchus og Odontorchilus er ofte funne oppe i lauvtaket. Nokre få artar, spesielt gjerdesmett og hussmett, er ofte knytt til menneske. Dei fleste artane er standfuglar, held til i Sentral- og Sør-Amerika heile året, men fåtalige tempererte artar migrerer vanlegvis til varmare klima om vinteren. Gjerdesmettar byggjer kuppelforma reir, og kan vere monogame eller polygame alt etter art. [Perrins, C. (1991)]

Artane i alvesmettfamilien og tornsmettfamilien (Australia) er ikkje relatert til gjerdesmettar.

Artsliste

[endre | endre wikiteksten]

Gjerdesmettar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Salpinctes

Slekt Microcerculus

Slekt Odontorchilus

Slekt Catherpes

Slekt Hylorchilus

Slekt Ferminia

Slekt Troglodytes

Slekt Thryorchilus

Slekt Cistothorus

Slekt Thryothorus

Slekt Thryomanes

Slekt Campylorhynchus

Slekt Pheugopedius

Slekt Thryophilus

Slekt Cantorchilus

Slekt Cinnycerthia

Slekt Uropsila

Slekt Henicorhina

Slekt Cyphorhinus

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  • Alström, Per; Ericson, Per G.P.; Olsson, Urban & Sundberg, Per (2006): Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397.
  • Mann, Nigel I.; Barker, F. Keith; Graves, Jeff A.; Dingess-Mann, Kimberly A. & Slater, Peter J. B. (2006): Molecular data delineate four genera of "Thryothorus" wrens. Molecular Phylogenetics and Evolution 40: 750–759.
  • Martínez Gómez, Juan E.; Barber, Bruian R. & Peterson, A. Townsend (2005): Phylogenetic position and generic placement of the Socorro Wren (Thryomanes sissonii). Auk 122(1): 50–56. [Engelsk tekst med samandrag på spansk]
  • Perrins, C. (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 190. ISBN 1-85391-186-0.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)