Vintersmett | |
Fotografi frå Central Park NW, NYC, New York Foto: Paul Stein
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eupasseres |
Familie: | Gjerdesmettfamilien Troglodytidae |
Slekt: | Troglodytes |
Art: | Vintersmett T. hiemalis |
Vitskapleg namn | |
Troglodytes hiemalis Vieillot, 1819
|
Vintersmett (Troglodytes hiemalis) er ein fugl i gjerdesmettfamilien som lever i austlege delar av Nord-Amerika.
Fram til ca. år 2011 var dette taksonet rekna som same arten som gjerdesmett (Troglodytes troglodytes) i Eurasia og Nord-Amerika.[1] Utsjånaden til Troglodytes hiemalis skil seg lite frå gjerdesmett i Noreg, dei har same storleik og kroppsform, men Troglodytes hiemalis er skildra med lysare fjørdrakt, med svake teikn på kvite flekker, særleg på undersida.[2] Fuglen er 9 til 10,5 cm i kroppslengd og veg ca. 6-10 gram. Utbreiingsområdet for hekking er i Canada frå sentrale delar av landet aust mot British Columbia og austover til New Foundland. I USA hekkar han berre lengst aust frå nordaustre Minnesota og austover til og med Maine og Pennsylvania, om vinteren sørvestover til Texas og kanskje litt inn i norvestlegaste Mexico.[3]