Santandersmett | |
Santandersmett | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Kritisk truga Utbreiinga av Santandersmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Gjerdesmettfamilien Troglodytidae |
Slekt: | Thryophilus |
Art: | Santandersmett T. nicefori |
Vitskapleg namn | |
Thryophilus nicefori Schauensee, 1946
|
Santandersmett (Thryophilus nicefori) er ein fugl i gjerdesmettfamilien. Han er endemisk for Santander-departementet i Colombia, og er kritisk truga.
Santandersmetten er ein mellomstor medlem i familien, ca. 15 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta til vaksne fuglar er brun på oversida med lys grå til kvit underside. Andletet har svartkvite striper og han har ei iaugefallande kvit augebrynstripe. Både halen og vengene har svarte tverrstriper. Nebbet er lyst.[1]
Utbreiingsområdet på ca. 4700 km2 ligg rundt San Gil, litt sør for Bucaramanga. Dette er vestskråninga av den austre fjellkjeda av Andes. Her lever santandersmetten frå 800 til 2100 moh., i tørt skogshabitat, helst med tre, mykje lianar og nedfallsblad.[2]
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 50 og 250 individ inkludert ungfuglar, og er trudd å minke. Trugsmåla inkludering utviding av jordbruksareal. Arten er klassifisert som kritisk truga.[2]