Hubble-bilete av tåka M1-67 rundt Wolf-Rayet-stjerna WR 124.
Amatørfoto av Halvmånetåka som har blitt danna av Wolf-Rayet-stjerna WR 136.
Foto: Hunter Wilson

Wolf-Rayet-stjerner (forkorta WR) er varme stjerner som gjennomgår store tap av masse gjennom stjernevind. Spektruma til Wolf-Rayet-stjerner framviser breie emisjonslinjer, noko som gjer dei lette å identifisera, sjølv på større avstandar. Wolf-Rayet-stjerner kan ha massar på 10-50 solmassar, overflatetemperaturar mellom 25000 og 50000 K og luminositetar mellom 100.000 og éin million gonger luminositeten til sola.

Wolf-Rayet-stjerner blei først identifiserte av dei franske astronomane Charles Wolf og George Rayet i 1867. Dei blir delte inn i tre breie spektroskopiske klassar; WN, WC og WO:

Grunna den kraftige stjernevinden som Wolf-Rayet-stjerner har, har dei ytre hydrogenrike laga blitt blåste av, og ytst ligg i staden regionar der produkt av kjernereaksjonar er til stades. Wolf-Rayet-stjerner kan stamma frå O-stjerner.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]