Wilkins Sound | |||
sund | |||
Wilkins Sound i Antarktis
| |||
Stad | Graham Land | ||
---|---|---|---|
- koordinatar | 70°15′S 73°00′W / 70.250°S 73.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wilkins Sound 70°15′S 73°00′W / 70.25°S 73°W | |||
Wikimedia Commons: Wilkins Sound |
Wilkins Sound er eit sund i Antarktis som i stor grad er dekt av Wilkins isbrem. Det ligg på sørvestsida av Den antarktiske halvøya mellom vestsida av Aleksanderøya og kysten av Charcot Island og Latady Island lenger i vest.
Nordenden av sundet vart først sett og grovt kartlagd i 1910 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot og vart observert frå lufta i 1929 av sir Hubert Wilkins. Forma til sundet vart skissert i 1940 under ein flytur med U.S. Antarctic Service (USAS). Det vart namngjeve av USAS etter sir Hubert Wilkins, som i 1929 fann ut at «Charcot Land» var ei øy og dermed indirekte oppdaga dette sundet. Latady Island ved sørvestsida av sunnet vart funnen i 1960 av D.J.H. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) etter å ha undersøkt flyfoto teken av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48.
Den 5. april 2009 sprakk den tynne isbrua til Wilkins isbrem utanfor kysten av Antarktis opp og forskarar trudde at dette kunne føre til at isbremmen kollapsa. Det finst rapportar om at isbremmen har sprukke opp i hundrevis av mindre isfjell. David Vaughan frå British Antarctic Survey meiner dette kjem av global oppvarming.[1]
Wilkins isbrem er ein firkanta isbrem som er kring 80 nautiske mil lang og 60 nautiske mil brei (150 x 110 km). Isen dekkjer sentrale område av Wilkins Sound, som han har fått namn etter. Namnet vart foreslått av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1971.
I 1993 varsla professor David Vaughan frå British Antarctic Survey (BAS) at den nordlege delen av Wilkins isbrem truleg ville forsvinne i løpet av 30 år om oppvarminga på halvøya heldt fram i same fart.[2] 28. mars 2008 forsvann ein 4,5 km² stor del av Wilkins isbrem laus, og sette ein større del av isbremmen i fare.[3] Sjølv om temperaturen kan ha spelt ei rolle i dette kan fleire jordskjelv på 5.0 og større langs Stillehav-Antarktis-ryggen òg ha medverka til dette. Forskarar vart overraska då dei oppdaga at resten av den 14 000 km²[4] store isbremmen var i ferd med å bryte laus frå kontinentet. Det som er att av Wilkins isbrem no er berre landfast via ei smal isbru.[5] Mot slutten av mai braut enno meir is laus og berre ei 2,7 km brei isstripe var att til å halde fast resten av isbremmen.[6] Dette var første gongen ein hadde dokumentert at is braut seg laus om vinteren.[6] Wilkins isbrem heng ikkje saman med innlandsbreane på same måte som til dømes Larsen B isbremmen gjer, og har derfor ein neglisjerbar effekt på høgda til havnivået.[5] Isbremmen var nøye overvaka det neste året og 5. april 2009 kollapsa isbrua som knytte delar av isbremmen til Charcot Island.[7] Dette skjedde på den tynnaste staden langs den 40 km lange brua.[8]
Om heile isbremmen, som er på storleik med Jamaica, skulle kome til å bryte laus, vil han bli det klårt største isfjellet som nokon gong har gjort dette.[9]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wilkins Sound» (innhald frå Geographic Names Information System).