Voyager Studioalbum av Mike Oldfield | ||
Utgjeve | 26. august 1996 | |
Innspelt | Roughwood Studio i Buckinghamshire Air studios (orkester) | |
Sjanger | Keltisk, new-age | |
Lengd | 58:25 | |
Selskap | Warner Music UK/WEA Reprise (in the US) | |
Produsent | Mike Oldfield | |
Mike Oldfield-kronologi | ||
---|---|---|
The Songs of Distant Earth (1994) |
Voyager | Tubular Bells III (1998)
|
Singlar frå Voyager | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Voyager er det 17. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1996 av Warner Music UK. Musikken på albumet har eit keltisk tema med nye komposisjonar blanda med tradisjonell musikk.
Albumet var det siste av tre opphavlege albuma i avtalen Oldfield signerte med Warner etter han forlet Virgin. Oldfield vart verande hos Warner fram til 2003, der det siste albumet hans for selskapet var Tubular Bells 2003.
I eit intervju frå tida, hevda Oldfield at albumet var eit av dei kjappaste han skapte, kring ein og ein halv månad, og hevda òg at han komponerte og spelte inn somme songar på ein morgon.[2]
Albumet består hovudsakleg av keltisk musikk. Albumet var opphavleg spelt inn med berre akustiske, handspelte instrument. Etter at dottera til ein sjef i Warner Music sa det høyrtest keisamt ut, la Oldfield til synthesizer og andre instrument.[3]
«The Hero» er ein skotsk stykke som opphavleg var skriven av James Scott Skinner i 1903, som «Hector the Hero». «She Moves Through the Fair» er ein tradisjonell, irsk song, der melodien vart blitt nytt av Simple Minds på «Belfast Child» i 1989. «Women of Ireland», er oppført som ein tradisjonell song, men er ikkje det. Hovudtemaet er ein melodi skriven av den irske komponisten Seán Ó Riada for diktet «Mná na hÉireann», skriven av Peadar Ó Doirnín. Utgåva til Oldfield brukte òg ein interpolasjon frå den fjerde satsen (Sarabande) av George Frideric Handel sin klaversuite i d-moll, som vart populær etter han vart brukt av Stanley Kubrick i filmen Barry Lyndon i 1975, der melodien til Ó Riada er med. «Dark Island» er ein skotsk instrumental og song. Originalmusikken var skriven av Iain Maclachlan som «Dr. Mackay's Farewell to Creagorry» i 1958. Seinare vart han nytta som kjenningsmelodi for TV-serien på BBC i 1992 og gjeve namn etter serien. Ein tekst vart sidan skriven av David Silver i 1963. Ein annan tekst sett til same melodi i 1963 var skriven av Stewart Ross. «Flowers of the Forest» er ein tradisjonell, skotsk song, ein sørgjesong for nederlaget i Flodden i 1513. «The Song of the Sun» er komponert av Bieito Romero frå det keltiske bandet Luar na Lubre. Den originale tittelen er «O son do ar».
«Mont Saint-Michel», eit stykke på albumet av Oldfield, syner til ei tidvassøy i Frankrike.
Singlane «The Voyager» og «The Song of the Sun» vart gjeve ut i høvesvis Tyskland og Spania, og kom i 1996. Utgåva av «Women of Ireland» kom ut på singel i 1997.
Songen «Celtic Rain» vart sampla i 2008 av Snoop Dogg på songen «Why Did You Leave Me» på albumet Ego Trippin'.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Song of the Sun» | Bieito Romero | 4:32 |
2. | «Celtic Rain» | Mike Oldfield | 4:41 |
3. | «The Hero» | trad. arr. Oldfield | 5:03 |
4. | «Women of Ireland» | trad. arr. Oldfield | 6:29 |
5. | «The Voyager» | Mike Oldfield | 4:26 |
6. | «She Moves Through the Fair» | trad. arr. Oldfield | 4:06 |
7. | «Dark Island» | trad. arr. Oldfield | 5:43 |
8. | «Wild Goose Flaps Its Wings» | Mike Oldfield | 5:04 |
9. | «Flowers of the Forest» | trad. arr. Oldfield | 6:03 |
10. | «Mont St Michel» | Mike Oldfield | 12:18 |
Liste (1996) | Plassering |
---|---|
Austerrikske album (Ö3 Austria)[4] | 16 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[5] | 26 |
Den danske albumlista (Hitlisten)[6] | 16 |
Nederlandske album (MegaCharts)[7] | 41 |
Finske album (Suomen virallinen lista)[8] | 21 |
Franske album (SNEP)[9] | 40 |
Tyske album (Media Control)[10] | 15 |
Ungarske album (MAHASZ)[11] | 1 |
Norske album (VG-lista)[12] | 30 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[13] | 13 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[14] | 15 |
Britiske album (OCC)[15] | 12 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Polen(ZPAV)[16] | Gull | 50 000* |
Spania(PROMUSICAE)[17] | 3× Platina | 300 000^ |
Storbritannia (BPI)[18] | Gull | 100 000^ |
Oppsummering | ||
Worldwide | 600,000[19] | |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
EP-ar |
|
Singlar |
|
Samlealbum |
|
Andre media |
|
Tilknytte artiklar |
|