Terry Oldfield
Fødd12. august 1949 (74 år)
FødestadStor-London
FødenamnTerence Oldfield
OpphavStorbritannia
Instrumentfløyte
Verka somkomponist, filmmusikkomponist

Terence Oldfield (fødd 12. august 1949) er ein engelsk musikar og komponist, og bror til Sally og Mike Oldfield.

Historie

[endre | endre wikiteksten]

Oldfield slutta på skulen då han var 16 for å reise verda rundt og arbeidde som scenearbeidar for ymse band, som The Byrds. Under eit lengre opphald på den greske øya Hydra, byrja han å spele det første instrumentet sitt, fløyta. Tidleg i 1970-åra skipa han og broren Mike eit band kalla Barefoot (eller Barefeet) som spelte rock and roll på klubbar i Storbritannia. Broren Mike spelte kort tid etter inn det særs suksessrike albumet Tubular Bells og Terry spelte fløyte på ei konsertframføring av albumet i Queen Elizabeth Hall, 25. juni 1973 i London.

Terry er òg med på andre album av broren, Hergest Ridge (blåseinstrument - ikkje oppført), Ommadawn (panfløyte) og mykje på Incantations (fløyte).[1]

Karrieren til Oldfield byrja for fullt då han vart spurt av BBC om å komponere musikk for ein serie kalla Great Railway Journeys of the World. Sidan den gongen har Oldfield skrive musikk for over 50 filmar og TV-produksjonar, og fått to Emmy-nominasjonar for Land of the Tiger og Twilight of the Dreamtime og ein BAFTA-nominasjon for BBC-serien Kingdom of the Ice Bear.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Album

[endre | endre wikiteksten]


Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Official Mike Oldfield Information Service». mikeoldfield.org. Arkivert frå originalen 17. juli 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]