Vereide kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Chell Hill | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gloppen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordfjord | ||
Sokn | Vereide | ||
Fellesråd | Gloppen | ||
Stad | Vereide | ||
Type | Langkyrkje | ||
Tårn | Bygd 1879[1] | ||
Kor | Bygd 1931. | ||
Døypefont | Frå mellomalderen | ||
Altartavle | Katekismetavle frå 1604 | ||
Vereide kyrkje 61°48′28″N 6°08′29″E / 61.8078°N 6.1413°E | |||
Wikimedia Commons: Vereide kirke |
Vereide kyrkje står på Vereide i Gloppen kommune i Vestland, og er ei steinkyrkje med historie attende til mellomalderen.
Kyrkja har vorte mykje endra opp gjennom åra, og lenge meinte ein at ho var bygd i 1631 av stein frå ei eldre kyrkje som skulle ha stått lenger oppe frå fjorden. No meiner ein at kyrkja har stått der ho står sidan mellomalderen, og at skipet kan vere bygd på 1100-talet, men at kyrkja vart restaurert i 1631. Tårnet på kyrkja er frå 1879 og koret er frå 1931.