«Terje Vigen» er eit episk dikt som byggjer på soger frå Sørlandet under Napoleonskrigane og kornblokaden frå 1808 til 1811. Diktet skildrar den personlege tragedia til Terje Vigen og korleis han endeleg finn fred. «Terje Vigen» vart skrive av Henrik Ibsen i 1861, og utgjeve i samlinga Digte frå 1871.
«Barnet han greb og svinged det frit, |
Tittelpersonen i diktet ror over havet til Danmark for å få tak i mat til familien sin. På veg attende frå Danmark vert Terje Vigen plukka opp av eit patruljerande engelsk krigsskip. Dei held han fanga i fleire år. Når han kjem heim, får han vita at kona og jentungen er døde. Eit dramatisk høgdepunkt i diktet er når Terje, som los, får makt over den engelske kommandanten og familien hans. Terje får høve til å ta hemn, og gjengjelda vondt med vondt, men vel å ikkje gjera det.
På denne tida var Danmark-Noreg i krig med mellom anna Storbritannia. Britane hadde innført handelsblokade, og slik avskore vanleg kontakt mellom Noreg og Danmark. Noreg var avhengig av import av korn frå utlandet, sidan det ikkje vart dyrka nok innanlands. Det vart hungersnaud i Noreg.
Losen Svend Hanssen Haaø fra Haaø (Håøya) ytst i Grimstad-skjergarden er blitt peika ut som rollemodell for diktet. Haaø var los, han rodde fleire gonger til Danmark etter livsviktig korn i åra 1807-14, og blei tatt til fange av engelskmennene heile fire gonger, medan fleire av mannskapet hans blei sende til «prisonen» i England, slik det er skildra i diktet. I tillegg er det godt dokumentert at Svend Hanssen Haaø og Henrik Ibsen blei gode vennar. Dei besøkte kvarandre fleire gonger både heime hjå Svend Hanssen på Haaø og i Ibsens vaktstue på Grimstad apotek, der Ibsen måla et oljemåleri, «Losen fra Haaø», av sin gode venn.
I "Afskrift af Bog for mine Børn om mit Levnetsløb og mine Erindringer" av Mathias Gundersen står følgjande:
Christian Krohg laga kjende illustrasjonar til diktet.
Victor Sjöström regisserte stumfilmen Terje Vigen i 1917.