Juletre, illustrasjon Theodor Kittelsen (1857-1914)

Ein illustrasjon er eit bilete som skal visualisere eller få fram eit bodskap eller ein idé. Vanlegvis vil det seie ein teikning eller eit fotografi som skal forklare, pynte eller tolke eit tekstinnhald. Illustrasjonar er viktige verkemiddel i visuell kommunikasjon. I motsetning til fri biletkunst har illustrasjonar ei bestemt hensikt, og verket skal fortelje eller formidle noko konkret utover seg sjølv. Det er vanleg å skilje mellom skildrande, altså saklig eller poengtert, illustrasjon og tolkande, det vil sei personleg og friare, illustrasjon. Illustrasjonar blir laga av ein illustratør, ein handverkar som oftast er ein teiknar.

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff