Take Me in Your Arms (Rock Me) Singel av The Doobie Brothers frå albumet Stampede | ||
B-side |
Slack Key Soquel Rag | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. april 1975 | |
Innspelt | 1974 | |
Studio | Warner Bros. Studios, North Hollywood | |
Sjanger | Rock, funk | |
Lengd | 3:42 | |
Selskap | Warner Brothers | |
Låtskrivar(ar) | Brian Holland, Lamont Dozier, Eddie Holland | |
Produsent | Ted Templeman | |
The Doobie Brothers-kronologi | ||
«Black Water» (1974) |
Take Me in Your Arms (Rock Me) | «Sweet Maxine» (1975)
|
«Take Me in Your Arms (Rock Me a Little While)» er ein song skriven av Motown-låtskrivarane Holland–Dozier–Holland i 1960-åra. Han vart mest populær i 1975 då han vart spelt inn i The Doobie Brothers.
Eddie Holland frå Holland-Dozier-Holland laga den første innspelinga av «Take Me in Your Arms» i 1964. Denne versjonen kom ikkje ut kommersielt før i 2005. Holland-Dozier-Holland fekk Kim Weston til å spele inn songen i 1965 og versjonen hennar kom ut i september det året. Mike Terry speler barytonsaksofon på songen.[1] Han nådde fjerdeplassen på R&B-lista i Billboard og 50. plassen på Hot 100.[2] I 1967 fekk Holland-Dozier-Holland The Isley Brothers til å spele inn songen. Versjonen deira kom ut i mars 1968 og nådde 121. plassen i USA[3] og 22. plassen på R&B-lista. Jermaine Jackson spelte «Take Me in Your Arms» for det første soloalbumet sitt, Jermaine, gjeve ut i 1972. Innspelinga var produsert av Hal Davis og var B-sida til singelen «Daddy's Home».
The Doobie Brothers spelte inn «Take Me in Your Arms» i 1975 for albumet Stampede. Tom Johnston, som då var frontmann i bandet, og sa seinare «eg hadde vore fan av den songen sidan han kom ut ein gong i 60-åra. Eg berre elska den songen. Så ein gong kring 1972 byrja eg å prøve og få bandet til å spele songen. Og eg kom ingen veg før i 1975. I 1975 spelte me han endeleg inn.»[4]
Doobies-medlemmet Jeff Baxter sa om innspelinga deira: «Den songen var som ein sann draum for oss. Kvar musikar eg nokon gong har sendt har ønska å få til den tekniske glatte soul-stilen til Motown - han er så dynamisk. Me sat ned og prøvde å etterlikne lyden og sjå om vår versjon kunne bli ein suksessrik singel.» I følgje Doobies-medlemmet Patrick Simmons: «Først høyrdest bandet ut som Grateful Dead som gjorde Four Tops, men gradvis vart det ganske likt.»[5] Paul Riser frå Motown vart henta inn for å arrangere sporet.[6]
Singelen var den første frå Stampede den 23. april 1975 og nådde 11. plassen på Hot 100-lista i USA i juni. «Take Me in Your Arms» vart den einaste hitten til The Doobie Brothers i Frankrike, der han nådde 37. plassen. Songen nådde òg 29. plassen i Storbritannia,[7] som var like høg som den singelen deira «Listen to the Music». Singelen nådde òg 34. plassen i Australia.[8]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
«Take Me in Your Arms» vart òg spelt inn i 1975 av den kanadiske songaren Charity Brown som nådde femteplassen i Canada i mai 1975.[12]
| |
Studioalbum | |
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Singlar |
|
Tilknytte artiklar |
|