Black Water Singel av The Doobie Brothers frå albumet What Were Once Vices Are Now Habits | ||
A-side |
Another Park, Another Sunday | |
---|---|---|
Utgjeve | 15. november 1974 | |
Innspelt | 1973 | |
Studio | Warner Bros. Studios, North Hollywood, CA, Burbank Studios, Burbank, CA | |
Sjanger | Rootsrock, countryrock, Southern rock, bluegrass[1] | |
Lengd | 4:18 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Patrick Simmons | |
Produsent | Ted Templeman | |
The Doobie Brothers-kronologi | ||
«Nobody» (nyutgjeving) (1974) |
Black Water | «Take Me in Your Arms (Rock Me)» (1975)
|
«Black Water» er ein song av den amerikanske gruppa The Doobie Brothers frå 1974 på albumet deira What Were Once Vices Are Now Habits. Songen var skriven av Patrick Simmons, som sjølv syng solovokal. Songen vart den første av to Doobie Brothers-songar som gjekk til topps på den amerikanske singellista, i midten av mars 1975.
Simmons laga gitarriffet til songen under innspelinga av det førre albumet deira, The Captain and Me, og skreiv ferdig songen då bandet var i New Orleans. «Black Water» vart først gjeven ut som B-sida til den første singelen frå albumet, «Another Park, Another Sunday», i juni 1974. Denne singelen nådde 32. plassen på Billboard Hot 100. Den andre singelen frå albumet, «Eyes of Silver», nådde ikkje topp 40 på lista, og Warner Bros. valde så å gje ut debutsingelen til Doobie Brothers, «Nobody» frå 1971, igjen hausten 1974 i håp om at songen skulle gjere det betre. Då radiostasjonane etter kvart byrja å spele «Black Water» meir og meir i staden, vart han til slutt gjeven ut som ein eigen singel og vart ein stor hit.
Vekesliste (1974) | Plassering |
---|---|
Canada RPM Top Singles[2] | 33 |
Canada RPM Adult Contemporary | 36 |
New Zealand (Listener)[3] | 18 |
US Billboard Hot 100 | 32 |
US Cash Box Top 100 | 38 |
Liste (1974–75) | Plassering |
---|---|
Australia KMR | 22 |
Canada RPM Top Singles | 11 |
US Billboard Hot 100 | 1 |
US Billboard Adult Contemporary | 38 |
US Cash Box Top 100[4] | 3 |
Liste (1975) | Plassering |
---|---|
Canada[5] | 91 |
US Billboard Hot 100[6] | 15 |
US Cash Box [7] | 13 |
Garth Brooks spelte inn «Black Water» i 2013 for det multiple albumet Blame It All on My Roots: Five Decades of Influences. The Doobie Brothers spelte inn «Black Water» på ny med Zac Brown Band i 2014 for albumet Southbound.
| |
Studioalbum | |
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Singlar |
|
Tilknytte artiklar |
|