Streetlights Studioalbum av Bonnie Raitt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1974 | |
Innspelt | Sommaren 1974 | |
Studio | The Hit Factory, New York City | |
Sjanger | pop, R&B | |
Lengd | 37:05 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Jerry Ragovoy | |
Bonnie Raitt-kronologi | ||
---|---|---|
Takin' My Time (1973) |
Streetlights | Home Plate (1975)
|
Streetlights er det fjerde studioalbumet til Bonnie Raitt, gjeve ut i 1974.
Bonnie Raitt fekk 10 000 dollar av Warner Bros. Records for å spele inn Streetlights, som var den minste summen ho hadde fått for å spele inn eit album.[1] Warner Bros. var misnøgd med den lange innspelingstida av det førre albumet hennar, Takin' My Time, og selskapet skar ned på utgiftene hennar. Dei to partane vart til slutt samde om eit forskot på meir pengar, mot at Raitt skulle velje ein produsent som tidlegare hadde hatt kommersiell suksess.[1] Raitt valde Jerry Ragovoy, som hadde arbeidd med musikarar som Janis Joplin og Dionne Warwick.[1] Ragovoy meinte at musikken til Raitt vart trekt ned av bluesen hennar, og ønskte å produsere eit album som var glattare og meir polert.[2] Raitt likte ikkje avgjersla til Ragovoy, men godtok det, og Streetlights vart spelt inn sommaren 1974.[2]
Kritikarar har skildra Streetlights som det første forsøket til Raitt på å spele inn musikk for eit større publikum.[3][4] I motsetnad til den meir ekletiske og tilbakelente stilen på dei tre første albuma hennar, hadde Streetlights enklare arrangement med meir strykarar, inspirert av pop og R&B.[2][4] Det er det einaste albumet til Raitt der ho ikkje spelar slidegitar.[2] Studiomusikaren Freebo sa at Raitt vart negativt påverka av den meir profesjonelle produksjonen på Streetlights. «Miljøet endra synginga hennar. Ho var i ei profesjonell verd med Streetlights, og ho måtte oppføre seg som ein» sa Freebo.[2] Ni av ti songar på albumet er coverversjonar av songar av musikarar som Joni Mitchell, James Taylor og John Prine.[5][6] Det eine originale sporet, «Ain't Nobody Home», var skriven av Ragovoy.[7]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [4] |
Christgau's Record Guide | B[8] |
Entertainment Weekly | B[9] |
MusicHound Rock | 2/5[10] |
The New Rolling Stone Record Guide | [11] |
Streetlights kom ut i september 1974 på Warner Bros.[12] Streetlights nådde 80. plassen på Billboard Top LPs & Tapes-lista.[13] For å marknadsføre albumet drog Raitt på turné i Nord-Amerika med Jackson Browne, frå 13. september til 24. november.[14]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «That Song About the Midway» | Joni Mitchell | 4:44 |
2. | «Rainy Day Man» | James Taylor, Zach Wiesner | 3:41 |
3. | «Angel from Montgomery» | John Prine | 3:59 |
4. | «I Got Plenty» | Joey Levine, Jim Carroll | 3:09 |
5. | «Streetlights» | Bill Payne | 5:05 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «What Is Success» | Allen Toussaint | 3:32 |
7. | «Ain't Nobody Home» | Jerry Ragovoy | 3:04 |
8. | «Everything That Touches You» | Michael Kamen | 3:28 |
9. | «Got You on My Mind» | David Lasley, Allee Willis | 3:50 |
10. | «You Got to Be Ready for Love (If You Wanna Be Mine)» | Lou Courtney | 3:08 |
Frå den offisielle nettsida til Bonnie Raitt.[5]
Liste (1974) | Plassering |
---|---|
US Billboard 200[13] | 80 |
Studioalbum |
|
---|---|
Samlealbum |
|
Konsertalbum |
|
Singlar |
|
Tilknytte artiklar |