Eit tårn i Daggett, California, USA står i fokuset for mange spegl som reflekterer sollyset

Solenergi er dei ulike formene for energi ein kan tappe frå sola.

Bakgrunn

Bakgrunnen for å bruka sola som energikjelde er at jordoverflata mottek kring 1400 W / m2, målt på ein overflate som står normalt på (i ein rett vinkel på) sola. Av den totale energien går omtrent 19 % vekk i absorpsjon i atmosfæren, og skyer reflekterer gjennomsnittleg 35 %. Vanlegvis reknar ein 1020 W per kvadratmeter ved havoverflata. Håpet er å bruka denne «gratis» energien, men det er fleire praktiske problem som plassmangel, oppstartkostnad og verforhold.

Som direkte former for solenergi reknar ein da:

Mengda solenergi som treffer jordas overflate i løpet av 40 minutt, er større enn all energien verdas befolkning treng i eit år.

Solkraftindustri

Solenergi kan omdannast til elektrisitet ved hjelp av solceller. Desse kallast også photovoltaiske (PV) celler, etter effekten som omdannar sollys til elektrisitet (den fotovoltaiske effekt). Ei solcelle består av ei tynn skive av nesten 100 % rein silisium, kalla ein wafer. Waferen vert vidarebehandla slik at når han mottar lys, utviklar den elektrisitet. Vanlegvis er ei rekkje solceller kopla saman i eit panel, eit solcellepanel.

Solkraftindustri i Noreg

Ei norsk bedrift, REC, er verdas største produsent av waferar til solceller og eit leiande, fullt integrert selskap i solkraftindustrien. Dessutan har selskapet førstehandstilgang til superreint silisium som det er mangel på i industrien. Ei anna norsk bedrift, Elkem Solar i Kristiansand kommune, produserer solcellesilisium med ein fjerdedel av energien som likande anlegg med tradisjonell teknologi brukar. Det finst også nye produsentar av solcelleteknologi, desse er små og retta mot spesifikke utnyttingar, slik som Solar LED som lagar solcellebasert Skilt belysning som kombinerer LED og solceller utvikla av LED Nordic AS.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.

Litteratur

Sjå også

Bakgrunnsstoff