Silfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
Underorden: | Trachinoidei |
Familie: | Silfamilien Ammodytidae Bonaparte, 1832 |
Silfamilien (Ammodytidae) er ei biologisk gruppe av små langstrekte piggfinnefiskar. Dei blir også kalla tobis.[1] Fiskane er små og langstrekte, og kjenneteikna av ein framskytbar munn.[2]
I Noreg finst fem artar: glattsil, havsil, småsil og storsil.
Ein nyttar hovudsakleg sil til produksjon av fiskemjøl og fiskeolje. Indirekte speler fiskane ei stor rolle som føde for torsk, kviting, hyse, sei, sild, makrell og ulike flyndreartar. Sil er også viktig for lundefugl og andre sjøfuglar.