Havsil | |
Havsil | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
Familie: | Silfamilien Ammodytidae |
Slekt: | Ammodytes |
Art: | Havsil A. marinus |
Vitskapleg namn | |
Ammodytes marinus |
Havsil (Ammodytes marinus) er ein fisk i silfamilien som lever i havet, og som kan bli opp mot 24 cm lang. Han har 55-63 stråler i ryggfinnen. Fisken blir også kalla kvitsil, sandgrevling og tobis.[1]
Arten har ein meir nordleg førekomst enn småsil, og er utbreidd frå Kolahalvøya til Island og Grønland, og mot sør til den engelske kanalen. Han er den vanlegaste silarten i Nord-Noreg.[1] I Austersjøen finst han aust til Bornholm. Havsil lever på 10-40 m djupne.
Føden er mark, krepsdyr og fiskeyngel. Havsil er sjølv viktig føde for sjøfuglar.
Leiken føregår i november-februar, og på same måte som hjå småsil.