Seymour Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | James Ross-øyane | ||
Del av | James Ross-øyane | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 64°14′0″S 56°37′0″W / 64.23333°S 56.61667°W | ||
Areal | 100 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Seymour Island 64°14′00″S 56°37′00″W / 64.233333333333°S 56.616666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Seymour Island, Antarctica |
Seymour Island er ei øy i ei rekkje på 16 store øyar kring tuppen av Graham Land i Den antarktiske halvøya. Graham Land ligg nærmare Sør-Amerika enn nokon annan del av Antarktis.[1] Ho ligg i den delen av øyrekkja som ligg på vestsida av halvøya. Ho ligg like nord for Snow Hill Island og like aust for den større James Ross Island, og den mindre naboøya Vega Island.
Seymour Island vert stundom kalla Marambio Island eller Seymour-Marambio Island, etter den argentinske basen som ligg her.
Nordspissen av Seymourøya vart observert i 1843 av ein britisk ekspedisjon leia av James Clark Ross, som gav spissen namnet Cape Seymour etter kontreadmiral George Francis Seymour. I 1892 konstaterte nordmannen Carl Anton Larsen at det dreidde seg om ei øy.
Delar av den den svenske antarktisekspedisjonen 1901–03 leia av Otto Nordenskjöld vart tvinga til å overvintre her i 1902. Heile ekspedisjonen berga seg frå Seymour Island i 1903, inkludert C.A. Larsen som var kaptein på det forliste ekspedisjonsskipet «Antarctic».
Den 29. desember 1969 opna Argentina den permanente forskingsstasjonen Base Antártica Marambio.
Marambio-basen ligg på øya og er den viktigaste argentinske basen i Antarktis. Her vert drive ein flyplass (ICAO: SAWB ) for fly med landingshjul året rundt.[2] Om vinteren har basen i snitt eit mannskap på 55, men om sommaren kan det vere opp til 180 personar her.[3]
Middeltemperaturen på Seymour Island er ved Base Antárctica Marambio målt til 1 °C om sommaren og −21 °C om vinteren. Vinterstid fører derimot sterk vind til ein følt temperatur på −60 °C.
Bergartane på Seymour Island er stort sett frå sein krittid til eocen.
I november 1882 gjekk den norske kapteinen Carl Anton Larsen i land her med skipet sitt «Jason». Her fann han fossil av utdøydde dyr og mange paleontologar har vitja øya sidan.
Ekspedisjonar | Belgica-ekspedisjonen 1897–99 • Southern Cross-ekspedisjonen 1898–1900 • Discovery-ekspedisjonen 1901–04 • Gauss-ekspedisjonen 1901–03 • Den svenske antarktisekspedisjonen 1901–03 • Scotia-ekspedisjonen 1902–04 • Den første Charcotekspedisjonen 1903–05 • Nimrod-ekspedisjonen 1907–09 • Den andre Charcotekspedisjonen 1908–10 • Den japanske antarktisekspedisjonen 1910–12 • Fram-ekspedisjonen 1910–12 • Terra Nova-ekspedisjonen 1910–13 • Den andre tyske antarktisekspedisjonen 1911–13 • Den australasiatiske antarktisekspedisjonen 1911–14 • Endurance-ekspedisjonen 1914–17 • Shackleton–Rowett-ekspedisjonen 1921–22 |
---|---|
Folk | |
Fartøy | «Antarctic» • «Aurora» • «Belgica» • «Deutschland» • «Discovery» • «Endurance» • «Fram» • «Français» • «Gauss» • «Kainan Maru» • «Morning» • «Nimrod» • «Pourquoi-Pas?» • «Quest» • «Scotia» • «Southern Cross» |
Stader | |
Sjå òg: Liste over antarktisekspedisjonar • Historiske stader og kulturminne i Antarktis |