James Ross Island | |||
øy | |||
Kart over Graham Land, som syner James Ross Island (2)
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | James Ross-øyane | ||
Stad | Antarktis | ||
• høgd | 1 630 moh. | ||
- koordinatar | 64°10′S 57°45′W / 64.167°S 57.750°W | ||
Høgaste punkt | Mount Haddington | ||
Lengd | 64 km | ||
Areal | 2 598 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
James Ross Island 64°10′00″S 57°45′00″W / 64.166666666667°S 57.75°W | |||
Wikimedia Commons: James Ross Island |
James Ross Island er ei stor øy utanfor søraustsida av nordaustenden av Den antarktiske halvøya. Mellom halvøya og James Ross Island ligg Prince Gustav Channel. Det høgaste punktet på øya er 1630 moh, og er 64 km lang frå nord til sør. Ho vart kartlagd i oktober 1903 av Den svenske antarktiskekspedisjonen under Otto Nordenskiöld, som namngav ho etter Sir James Clark Ross, leiaren for den britiske ekspedisjonen til området i 1842 som oppdaga og kartla fleire punkt langs austsida av øya. Forma James Ross Island vart nytta for å unngå å forveksle ho med den meir kjende Ross Island i McMurdo Sound.[1]
Ho er ein av fleire øyar kring halvøya kjend som Graham Land, som ligg nærare Sør-Amerika enn nokon annan del av kontinentet.[2]
Øya var landfast med det antarktiske fastlandet av ein isbrem fram til 1995, då isbremmen og kollapsa og Prince Gustav Channel vart seglbar for første gongen.[3]
Mendel Polar Station, den første tsjekkiske basen i Antarktis, ligg på øya.
Den første dinosauren som vart oppdaga i Antarktis var Antarctopelta oliveroi, ein halvstor ankylosaur som vart funnen på James Ross Island av dei argentinske geologane Eduardo Olivero og Roberto Scasso i 1986. Dinosauren vart oppdaga frå campanstadiet i øvre krit i Santa Marta-formasjonen, kring 2 km sør for Santa Marta Cove nord på øya. Ankylosauren vart ikkje formelt namngjeven før 2006.[4]
I desember 2003 oppdaga den amerikanske paleontologen Judd Case frå Saint Mary's College of California og geologen James Martin frå South Dakota School of Mines & Technology oppdaga beina til ein therapod-dinosaur på øya. Denne fekk kallenamnet «Naze» etter den nordlege Naze Peninsula der beina vart funnen. Restane er frå sein krit og bestod av ein øvre kjeve og tenner, og det meste av dei nedre beina og føttene. Dinosauren var truleg 1,8 meter.[5]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «James Ross Island» (innhald frå Geographic Names Information System).