Riksveg 150 | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Lysaker – Ryen | |||
Informasjon | |||
Status | riksveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Bomstasjonar | 1 | ||
Miljøfartsgrense 60 km/t |
Ryen – Granfosstunnelen (1. november – 19. april) |
Riksveg 150 (Rv150), på trafikkskilta kalla Ring 3, går mellom vegkrysset Ulvekrysset med vegen Ulvensplitten på Ulven i Bydel Bjerke i Oslo og Lysaker i Bærum på grensa til Oslo. Ring 3 dannar eit samband mellom Europaveg 18 og Europaveg 6 utanom bykjerna, og er ein sterkt trafikkert stamveg med to gjennomgåande felt i kvar retning. Tidlegare vart Ring 3/riksveg 150 rekna heilt frå Ryenkrysset på Ryen i Oslo, der Europaveg 6 gjekk over i Ring 3, men strekninga mellom Ryen og vegsystemet Ulvensplitten er no vorte ei strekning av Europaveg 6 i staden. Denne strekninga av tidlegare ring 3 er ein naturleg del av Eurpaveg 6, til liks med sjølve Ulvensplitten, ved at Europaveg 6 sør og nord for Oslo vert knytt saman over denne strekninga.
Rikveg 150 er berre skilta som Ring 3, ikkje med riksveg-skilt med riksvegnummeret. Ofte vert vegen berre kalla Store ringvei i daglegtale, som var namnet på vegen før ringvegane i Oslo vart nummererte. No er Ring 1 den ringvegen som går som gjennomfartsåre i sjølve bykjerna, med Ring 2 som den neste og Ring 3 lengst utanfor. Alle desse tre ringvegane dannar eigenleg bogar kring bykjerna, ikkje i ringar.
Sjølv om ring 3 er ein samanhengande veg, er han likevel samansett av strekningar som har fått sine eigne namn. Heile traséen frå Ryenkrysset, inklusive den parten som no er Europaveg 6: Adolf Hedins vei - Hjalmar Brantings vei - Lørentunnelen - Storoveien - Rolf Wickstrøms vei - Tåsentunnelen - Kaj Munks vei - Torgny Segerstedts vei - Viggo Hansteens vei - Ullernchausséen - Granfosstunnelen.
Granfosstunnelene
Ullernchausseen
Viggo Hansteens vei
Torgny Segerstedts vei
Kaj Munks vei
Rolf Wickstrøms vei
Storoveien
Lørentunnelen
Hjalmar Brantings vei
Rv150 sluttar nær Valle Hovin, Ring 3 langs E6 vidare til Ryen
Adolf Hedins vei
Norske riksvegar | |
---|---|
Europavegar | |
Hovudvegar | |
Sambandsvegar |