Europavegar er eit nett av vegar som bind Europa saman. Dei kryssar nasjonale grenser og er underlagde UNECE, SN sin europakommisjon. Vegane er nummererte frå 1, som i Europaveg 1 eller E1, og oppover.
Europavegar blir alltid markerte med eit rektangulært skilt med grøn bakgrunn og kvit ramme og tekst. Det varierer korleis ulike land set opp skilta. I somme, til dømes Noreg, Sverige, Danmark, Polen, Serbia og Kroatia, blir desse skilta brukte som det primære vegnummeret. I andre land, som Tyskland, Sveits, Frankrike og Belgia, har vegane gjerne både eit europavegnummer og eit nasjonalvegnummer, der den primære skiltinga viser nasjonalvegnummeret. Europavegane blir likevel skilta også her.
Vegnummersystemet blei definert av UNECE i 1975, men gjekk gjennom ei stor endring i 1992. I dag følgjer det i hovudsak dette systemet:
To klasse-A vegar, E47 og E55, er framleis skilta med nemningane dei hadde før 1992 innan Sverige og Noreg. Vegane som skulle ha skifta namn frå E6 og E4 har framleis gamle namn og skilt. Dette blei tillate på grunn av dei store kostnadane ei omskilting av desse svært lange vegstrekningane ville gje. Frå Danmark og sørover er vegane skilta med dei nye namna sine.