Reidar er eit nordisk mannsnamn av norrønt opphav. Reidar har namnedag den 9. mai i Sverige og den 28. juli i Noreg.
Det norrøne namnet Hreiðarr er danna av det norrøne hreiðr, 'reir' eller 'heim', og det urnordiske *hariaR, 'krigar'.
Namnet var blant dei mest brukte gutenamna i Noreg frå rundt 1900 til rundt 1935.