Reidar Larsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mars 1955 (69 år)
Yrke songar, musikar, pianist, plateartist
Reidar Larsen på Commons

Reidar Larsen (fødd 12. mars 1955) er ein norsk blues-pianist, vokalist og komponist busett i Stavanger.

Karriere

Reidar Larsen flytte til Stavanger som femåring, og har vakse opp i byen. Han tok pianotimar frå sjuårsalderen, og starta band allereie på ungdomsskulen. Han var med på si fyrste plateutgjeving i 1974 med pop- og dansebandet Staccato, og han var med i rockegruppa Stavangerensemblet frå oppstarten i 1978 til 1980, og i musikkgruppa Smalhans frå 1980 - 1983. Sistnemnte gav ut to plater i tida Larsen spelte med dei.

Allereie i 1980 hadde Larsen starta Reidar Larsen Blues Kvartett, men han debuterte som soloartist med plateutgjevinga I'm a Bluesman i 1982. Oppfylgjaren Red, White and Blues kom i 1985, og You Don't Have to Be Black to Be Blue frå 1987 vart det fyrste soloalbumet hans som kom på VG-lista.

Seinare i karrieren har Larsen spelt inn album med backing-banda The Boogie Bastards (frå 1991) og The Storytellers (frå 1997). I 2006 spelte han inn duoalbum med den amerikanske gitaristen Roy Rogers. På plata Kom inn te oss frå 2009 hadde han gått over til å syngja på norsk, på stavangerdialekt.[1] For denne plata vann han Spellemannprisen 2009 i kategorien blues. Larsen har også opptrådt på Notodden Blues Festival og vunne Notodden Bluesfestivals bluespris.

Diskografi

Samle- og konsertalbum

Kjelder

Referansar