Perfect Strangers Studioalbum av Deep Purple | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. oktober 1984 | |
Innspelt | August 1984 | |
Studio | «Horizons» i Stowe i Vermont, USA med Le Mobile Studio | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 40:02 | |
Selskap | Polydor | |
Produsent | Roger Glover, Deep Purple | |
Deep Purple-kronologi | ||
---|---|---|
Come Taste the Band (1975) |
Perfect Strangers | The House of Blue Light (1987)
|
Singlar frå Perfect Strangers | ||
|
Perfect Strangers er det ellevte studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 29. oktober 1984. Det var det mest vellykka albumet som vart spelt inn av den nydanna Mark II-besetninga.[3]
Det var det første studioalbumet med Deep Purple på ni år, og det første med Mark II-besetninga på elleve år, det siste var Who Do We Think We Are i 1973. Ritchie Blackmore og Roger Glover kom frå Rainbow, Ian Gillan frå Black Sabbath, Jon Lord frå Whitesnake og Ian Paice frå Gary Moore sitt band. Berre éin låt i det reformerte Deep Purple sitt nye repertoar, «Nobody's Home», vart kreditert alle fem bandmedlemmene. Gillan og Glover prøvde å gå tilbake til alle-for-alle-komposisjonane frå Mark II-innspelingane til bandet i 1970-73, men Blackmore stod fast. Først då Blackmore forlét gruppa i 1993, vart saka endeleg løyst.[4]
CD- og kassettversjonane av albumet inneheldt ekstrasporet «Not Responsible» (som inneheld teksten «I've got no ticket, but I'm gonna take a fucking ride», noko som er eit sjeldan døme på banning i ein Deep Purple-låt). Albumet vart ommastra og gitt ut på nytt 22. juni 1999 med det instrumentale bonussporet «Son of Alerik». Sistnemnde hadde tidlegare vore tilgjengeleg som B-side på singelen «Perfect Strangers» i 1984.
Albumet vart ein kommersiell suksess og nådde femteplassen på dei britiske hitlistene og 17. plassen på Billboard 200 i USA. Perfect Strangers var det andre studioalbumet til Deep Purple som vart sertifisert platina i USA, etter Machine Head frå 1972.[5] Turneen var så vellykka at bandet måtte booka mange ekstra datoar til den amerikanske arenaturneen, ettersom billettane raskt vart utselt. USA-turneen deira i 1985 selde fleire billettar enn alle andre artistar det året, bortsett frå Bruce Springsteen.[6]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Collector's Guide to Heavy Metal | 10/10[7] |
Rock Hard | 9.0/10[8] |
Rolling Stone | [9] |
Albumet fekk blanda kritikk. Deborah Frost i Rolling Stone noterte i ei samtidsmelding at, med unntak av dei to singlane, «består materialet av hastig avklinka jammar» og lurte på om utgivinga berre var laga «for å tena pengar på den noverande heavy-metal-bølgja». Men ho uttalte òg: «Blackmore sin Stratocaster har eit så herleg brøl at ein er villig til å la det runga i øyret ei stund. Og det er fint å høyra det usyntetiserte orgelskrallet til Jon Lord, det elektrifiserande trommespelet til Ian Paice, hyla og kviskringa til Ian Gillan og dei solide basslinjene til Roger Glover igjen», sjølv om «i staden for Glover kunne ein produsent utanfrå ha tvinga bandet til å stramma opp sine riff og arrangement.»[9].
Den kanadiske journalisten Martin Popoff lovprisa dette comebackalbumet som «berre eit nikk til 70-talet» og konsentrerer seg «om låtkunst snarare enn teknisk oppvisning», og plasserte Deep Purple som «eit referansepunkt for ein sjanger innan metal utan kategorisering.»[7]
«Ein flott augneblink i tida», meinte Glover, «men som album hengjer det ikkje heilt saman.»[10]
Alle låtane er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan og Roger Glover med mindre anna er angitt.
«Son of Alerik» hadde dukka opp i redigert form på 7" B-sida av «Perfect Strangers»-singelen, eller i sin heilskap på 12" «Perfect Strangers»-singelen og den europeiske versjonen av samlinga Knocking at Your Back Door: The Best of Deep Purple in the 80's.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Knocking at Your Back Door» | 7:09 |
2. | «Under the Gun» | 4:40 |
3. | «Nobody's Home» (Blackmore, Gillan, Glover, Jon Lord, Ian Paice) | 4:01 |
4. | «Mean Streak» | 4:26 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Perfect Strangers» | 5:31 |
6. | «A Gypsy's Kiss» | 4:14 |
7. | «Wasted Sunsets» | 3:58 |
8. | «Hungry Daze» | 5:01 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Not Responsible» | 4:53 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Son of Alerik» (Blackmore) | 10:01 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Rainbow in the Dark» (Deep Purple & Dio.) | 5:11 |
|
|
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Canada [30] | 91 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[31] | Gull | 35 000^ |
Canada (Music Canada)[32] | Platina | 100 000^ |
Tyskland (BVMI)[33] | Gull | 250 000^ |
New Zealand (RMNZ)[34] | Gull | 7 500^ |
Sveits(IFPI Switzerland)[35] | Gull | 25 000x |
Storbritannia (BPI)[36] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[37] | Platina | 1 000 000^ |
Oppsummering | ||
Worldwide | 3,000,000[38] | |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Publikasjon | Land | Utmerking | År | Plassering |
---|---|---|---|---|
Kerrang! | Storbritannia | «End of Year Lists – Top Album of 1984»[39] | 1984 | 7 |
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Singlar |
|
Andre songar | |
Videoalbum |
|
Tilknytte artistar |
|
Tilknytte artiklar |
|