Kentucky Woman av Neil Diamond | ||
B-side |
«The Time is Now» | |
---|---|---|
Utgjeve | oktober 1967 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | Bang Records | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Thank the Lord for the Night Time» (1967) |
Kentucky Woman | «Some Day Baby» (1967)
|
«Kentucky Woman» er ein song frå 1967 skriven og spelt inn av Neil Diamond. Ein annan kjend versjon vart spelt inn av Deep Purple i 1968.
Diamond spelte inn «Kentucky Woman» som den siste singelen sin for Bang Records. Han kom ut i oktober 1967, og nådde 22. plass på Billboard Hot 100 i USA.[1] Songen nådde 58. plass på lista i Australia og sjetteplass i Canada.[2]
Singelen kom ut i oktober 1967 og nådde 22. plassen på amerikanske Hot 100,[3] nummer 58 på den australske lista, og sjetteplassen på den kanadiske lista.[4]
Liste (1967–68) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report) | 58 |
Canada RPM Top Singles[5] | 29 |
New Zealand (Listener)[6] | 10 |
US Billboard Hot 100[7] | 22 |
US Cash Box Top 100[8] | 12 |
Kentucky Woman Singel av Deep Purple frå albumet The Book of Taliesyn | ||
B-side |
«Wring That Neck» | |
---|---|---|
Utgjeve | desember 1968 (USA), 1969 (Storbritannia) | |
Innspelt | august 1968 | |
Sjanger | Hardrock[9] | |
Lengd | 4:04 [singel] 4:44 [album] | |
Selskap | Harvest Records (UK) Tetragrammaton (US) | |
Produsent | Derek Lawrence | |
Deep Purple-kronologi | ||
«Hush» (1968) |
Kentucky Woman | «River Deep Mountain High» (1968)
|
Han vart spelt inn av Deep Purple med ei heilt anna instrumental kjensle, sjølv om vokallinja var forholdsvis lik. Songen vart gjeven ut som den andre singelen deira i 1968 og nådde 38. plass på Billboard Hot 100,[10] #21. plass i Canada og 27. plass i Australia, der han vart gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «Hush».
Singelversjonen er ei kortare utgåve av albumversjonen.
Deep Purple spelte «Kentucky Woman» på turneane sine i 1968 og 1969, sjølv etter at Ian Gillan vart med i bandet sommaren 1969. Han har ikkje vorte spelt på konsertane deira sidan.
Waylon Jennings spelte òg inn ein versjon for albumet hans Only the Greatest i 1968.[11] Gary Puckett & the Union Gap spelte ein versjon av songen på det første albumet deira Woman Woman.[12]