«Paint It, Black» Singel av The Rolling Stones frå albumet Aftermath | ||
B-side |
«Stupid Girl» (USA) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. mai 1966 | |
Innspelt | 6.–9. mars 1966 | |
Sjanger | Rock, psykedelisk rock | |
Lengd | 3:45 | |
Selskap | Decca F.12395 (UK) London 45-LON.901 (US) | |
Komponist | Mick Jagger, Keith Richards | |
Tekstforfattar | Mick Jagger, Keith Richards | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«19th Nervous Breakdown» (1966) |
«Paint It, Black» | «Mother’s Little Helper» (1966)
|
«Paint It, Black» er ein song innspelt av The Rolling Stones i 1966, skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Brian Jones medverka med riffet til songen. Songen nådde førsteplassen i både USA og Storbritannia i 1966. I Noreg låg songen tre veker på andreplass, som var høgste plassering. Alle vekene låg han bak The Beach Boys sin «Sloop John B».
I tillegg til singelen vart songen òg gjeve ut på den amerikanske utgåva av albumet Aftermath. I 2004 vart songen rangert på 174. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Songtittelen vert som regel skrive «Paint It Black» på nyare utgåver av albumet og samlealbum. Richards har sagt at det aldri var meininga at tittelen skulle innehalde eit komma, og at dette vart gjort av plateselskapet.[1]
Songen starta med at Wyman spelte orgel under ei innspeling, ein parodi på den tidlegare manageren deira Eric Easton, som hadde vore organist. Charlie Watts slengte seg på med eit arabisk-liknande trommerytmar. Dette danna grunnlaget for songen. Brian Jones spelte sitarriffet på songen. Han hadde lært seg sitar etter å ha vitja George Harrison. Jagger skreiv teksten, som ser ut til å handle om ein mann som sørgjer over den døde kjærasten sin. Richards speler sologitar og Jack Nitzsche spelar piano.
Bassen vart lagt til etterpå av Bill Wyman med basspedalane på eit Hammond B3 orgel.
I nyare år har songen vorte assosiert med Vietnamkrigen på grunn av at songen vart nytta under rulleteksten på Full Metal Jacket og opninga til Tour of Duty.
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Eric Burdon & War gav ut songen på singel i 1970 og han nådde salslista i Nederland. Før dette hadde Eric Burdon & The Animals spelt songen på debutalbumet deira, Winds of Change. Den opphavlege albumutgåva hadde ei lengd på 13:41.
Mange andre artistar har spelt inn songen:
|
|
|
177: «I Fought the Law» The Bobby Fuller Four |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 176 «Paint It, Black» The Rolling Stones |
175: «God Save the Queen» The Sex Pistols |